NHH lanserte i 2016 Seafood MBA, og rettar seg mot potensielle deltakarar frå heile verda. Foto: NHH

NHH utvidar sjømat-tilbodet

NHH i Bergen utvidar til hausten studiet Seafood MBA med seks plassar. Programleiar og professor Linda Nøstbakken er glad for at dei allereie har mange søkjarar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Norges Handelshøyskole (NHH) i Bergen oppretta i 2016 studietilbodet Seafood MBA, der studentane får tilpasse behova til sjømatnæringa i studiet. Professor Linda Nøstbakken, som er leiar for studieprogrammet seier året 2017 har vore innhaldsrikt for kull 1 på Seafood-MBA-programmet.

NHH-professor Linda Nøstbakken, er leiar for studieprogrammet til Seafood MBA og seier det fyrste kullet vil vera ferdig i vår. Foto: NHH

- Blant anna var me i vår ei veke ved HEC Montreal i Montreal, Canada, for ei intensiv og stimulerande veke på samling der med fokus på strategi og berekraft. I haust jobba me med leiing, særleg i ein internasjonal kontekst. Hausten vart avslutta med ei vekes samling ved Rikkyo-universitetet i Tokyo. Her var eit av høgdepunkta besøk ved den norske ambassaden med ei rekkje interessante føredrag, blant anna ved Sjømatrådet, Innovasjon Norge og lokale sjømatekspertar, fortel ho til kyst.no.

Les også: Tilbyr sjømatstudie via nettet med stor suksess

- Som programleiar synest eg dessutan det har vore utruleg spanande å sjå korleis gruppa av deltakarar, som samla sit på kolossalt mykje kunnskap om store delar av sjømatnæringa, vart ein fantastisk arena for læring og kompetanseutveksling, legg ho til.

Utdanninga utførast i stor grad via internett og NHH legg vekt på at studiet skal vera knytta opp til problemstillingar som leiarar i sjømatnæringane ofte møter.

30 nye studieplasser til hausten

Fyrste kull vil fullføre studiet sitt i vår, og neste kull startar hausten 2018. Programmet tek totalt to år, og studiet vil gje studentane 60 studiepoeng.

- Me ynskjer til ei kvar tid å ha eitt kull i sving. Trass studiestart fyrst hausten 2018, har me hatt svært god respons. Me har vel 30 studieplassar for kullet som startar hausten 2018, og me har allereie mange søkjarar og har også tatt opp ca. 10 søkjarar for studiestart hausten 2018. Det lovar veldig godt for neste runde av programmet, seier ho nøgd.

Jungeltelegrafen viktigere og viktigere

Samarbeidet med NCE Seafood Innovation seier Nøstbakken er veldig bra.

- Klynga gjer ein kjempejobb både når det gjeld å spreie info om programmet til relevante bedrifter og søkjarar, og som ein viktig samtalepartner for oss i den kontinuerlege utviklinga av programmet.

- I tillegg til god hjelp av klynga bruker me mange ulike kanalar for å nå ut til potensielle deltakarar, som Facebook/sosiale medier og kontaktnettet vårt i inn- og utland. Me ser også at ‘word of mouth’ vert viktigare og viktigare, jo lengre programmet har vore i gang, legg Nøstbakken til.

Sjå videoen NHH har laga på studiet.

Les meir om Seafood MBA-studiet på NHH si heimeside.