Her er Bolaks-gründer Reidar Holmefjord i forbindelse med innspilling av Kystpodden.

Reidar Holmefjord – til minne

Bolaksgründeren Reidar Holmefjord (1933–2026) er gått bort. Takket vere Reidar sitt mot og vilje til å satsa på ei ny og ukjend næring tidleg på 1970-talet, saman med gründerkollegaene, er Bolaks blitt ein stor og viktig matprodusent og arbeidsplass i Bjørnafjorden kommune. Vi er glade for at Reidar fekk vera med og feira 50-årsjubileet i fjor: 92-åringen koste seg til seint på kveld både på folkefest med DDE på scena i heimbygda Eikelandsosen, og på jubileumsfest for dei tilsette like før jul.

Reidar var nestyngst av fem sysken, og det handla om fisk og sjø frå han var liten. Då han var 14 år, var yrkesvegen klar: Han vart fiskar, som faren. Han tok kystskippereksamen i 1952, fekk bygd sin eigen båt saman med storebror Sverre og dei starta for seg sjølve.

Reidar var gift med Kristina Havsgård og far til fire. Brislingfisket vart etter kvart hovudgeskjeften for Holmefjord-brørne, og dei opererte heilt nord til Helgelandskysten. Dei var dyktige fiskarar med teft og forretningstalent, og i løpet av desse åra tileigna Reidar seg mykje erfaringskunnskap som kom til nytte i den nye næringa han fatta interesse for: Om fisk i merd, vasskvalitet og straumar, nøter, fortøyningar og båtar. Eigenskapar som handlekraft, fysisk og psykisk styrke, og evna til å halda hovudet kaldt og ha is i magen, ta raske beslutningar, og våga å prøva og feila, kom òg vel med.

Tidleg på 1970-talet tok oppdrettspioneren i Fusa, Magne Bolstad, kontakt med Reidar fordi han trong hjelp til å sy nokre nøter. Samarbeidet førte fram til skipinga av AS Bolaks 18. desember 1975. Då hadde dei fått med seg den yngre broren Trygve Holmefjord og Håkon Skare i tillegg.

Bolaks-gründerane testa heilt frå starten ut heile livsløpet til fisken for å læra seg korleis det fungerte. Selskapet har alltid hatt hand om heile produksjonen frå stamfisk og rogn til slakteferdig matfisk – og ny stamfisk. Bolaks var ein av rognpionerane her i landet og investerte mykje for å sikra avlsarbeidet. Dei var med og skipa avlsselskapet Norsk Lakseavl (NLA) i 1985, og Bolaks forsynte 30 prosent av den norske rognmarknaden i 1985/86.

Dei som fekk gleda av å jobba saman med Reidar, kjenner han som ein løysingsorientert handlingens mann. Han var ikkje særleg glad i papirarbeid, men han var uthaldande og sta – og gav ikkje opp. Den store utfordringa for matfiskprodusentane var å få tak i nok og god smolt. Reidar var difor med og skipa AS Sævareid Fiskeanlegg i 1978, og han og brørne satsa alt dei hadde for å sikra smoltproduksjonen i Sævareid på lokale hender på slutten av 1980-talet. Det har vore eit stort fortrinn for Bolaks.

Reidar var den framsynte strategen – det er sagt om han av nære kollegaer at «han tok kvantesprang inne i hodet sitt». Han var nysgjerrig og våga å eksperimentera og satsa. Samtidig var han nøktern og la vekt på å byggja stein på stein. Både han og bror Trygve var «mangesyslarar» til midten av 1980-talet; då først selde dei fiskebåtane og satsa for fullt på oppdrettsnæringa.

Dei første åra laga dei alt sjølve, frå fôr til anlegg og utstyr, og det var mykje prøving og feiling. Reidar var òg ein typisk representant for delekulturen mellom gründerane og stadig på leiting etter ny kunnskap.

– Utveksling av erfaring ser vi som beste og fortaste måten ein kan utvikla næringa på, sa han i 1980.

Og la til at det vart store telefonrekningar av slikt.

Han samarbeidde med alt frå andre oppdrettsgründerar til veterinærar, forskarar og etter kvart fôr- og utstyrsprodusentar. Alt i 1981 inngjekk Bolaks fast veterinæravtale. Den vart kalla «Fusamodellen» og vart ein mal for resten av landet. Same år starta dei med stikkvaksinering av smolt på Sævareid Fiskeanlegg. Både Bolaks og distriktsveterinæren lærde av kvarandre – og av kontakt med forskarmiljø og folk som visste meir.

Reidar Holmefjord.

Reidar Holmefjord var òg opptatt av rekruttering til næringa, og tok imot elevar frå Fiskarfagskulen i Austevoll frå 1980. Fusa vidaregåande skule fekk leiga lokale hjå Bolaks frå 1986, hadde havbruksline og vart frå 1987 kompetansesenter for akvakultur.

Tidleg på 1980-talet var det i følgje Reidar «svære prisar på laksen», og inntektene vart investerte i vidare oppbygging av bedrifta.

– Me kan ikkje rekna med same gode resultat i framtida, meinte Reidar.

Og han fekk rett. Ukjende sjukdommar og fiskedød ramma Bolaks. Sjukdommen som etter kvart fekk namnet ILA, gjorde at Bolaks i 1987 og 1988 miste 65 og 70 prosent av fisken.

Reidar var pådrivar for miljøgransking i Eikelandsfjorden frå 1988. Trass i harde slag bestemte Reidar seg for å satsa vidare lenger ute i fjorden. Bolaks auka fokuset på miljø og fiskehelse, tok i bruk betre lokalitetar og nye anlegg og la om produksjonen til strengt skilje mellom fiskegenerasjonane og brakklegging mellom utsetta.

Reidar Holmefjord var arbeidande styreformann i Bolaks frå starten til 1991. Han var med i styret og bidrog til erfaringsoverføring til neste generasjon fram til våren 1997. Då ville han la dei styra skuta vidare utan innblanding.

Han heldt likevel fram med arbeid for Bolaks på ulike prosjekt og oppgåver i fleire år til. Han var stolt over å ha vore med og skapt «nokre arbeidsplassar» i heimkommunen.

I dag er me om lag 120 tilsette i Bolaks.

Vi er takksame for den store innsatsen Reidar Holmefjord har lagt ned for selskapet både i gründertida og seinare, og lyser fred over hans minne.

- AS Bolaks