
Kraftig vekst for Norwater AS
På tross av utfordrande tider for bransjen, opplever Norwater AS kraftig vekst.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Etter tøffe tak og omstrukturering i 2014/2015, leverer selskapet eit svært godt år i 2016, med kraftig auke i omsetning og eit hyggelig resultat. Første halvår av 2017 har fortsatt mykje i samme trenden, lønnsom drift og stor ordreinngang, melder selskapet i ei pressemelding.
Resultat 2016:
Årsregnskap for fjoråret har nylig blitt godkjent og offentliggjort. Det viser samla for Norwater AS og Norwater Rental AS ei omsetning på om lag 53 mill. Dette er ein auke på 50% frå fjoråret. Samla driftsresultat (EBIT) var på om lag 6,7 mill. Dette er Adm. Dir. Per Einar Gjerding særdeles godt nøgd med.
- Vi kom oss gjennom 2014 og 2015 i balanse med dei grepa vi gjorde med kostnadane våre. I fjor kom uttellinga også på inntektssida og då vart det plutselig butikk av det, meir komplisert er det eigentleg ikkje. Nøkkelen til det gode resultatet er og at dei ansatte har gjort ein kjempejobb med å ta unna ei større arbeidsmengde», seier Gjerding.
Han forventar elles eit halvårsresultat 2017 på om lag 2 mill og høgare aktivitet 2. halvår enn første halvår med bakgrunn i ordreboka som ligg føre.
Ordreinngang 2017
Selskapet skriv at året starta litt rolig, men har teke seg betydelig opp. Med ein svært god juni månad, passerte Norwater AS 35 mill i ordreinngang første halvår. Ordreboka ved utgangen av første halvår er på nærare 30 mill. Med det rolige offshore markedet har ein lukkast å komma inn på ein del andre marked som blant anna kjemikalietankarar, passasjerskip, brønnbåtar og oppdrettsanlegg.
Markedssjef Ivar Berge Soldal strålar om dagen og er mest bekymra for korleis ein skal få tid til ferie.
- Vi har hatt ei fantastisk uttelling og utrulig god respons i nye marked. Gode leveransar er nøkkelen til eit godt omdømme og vi har levert kvalitet heile vegen. Det ser vi effektar av no, der stadig fleire blir oppmerksam på NorWater-anlegga. Vi har aldri hatt det travlare og jobbar også med fleire andre store prosjekt for tida, seier Soldal.
Gjerding skryt også over samarbeidspartnaren på Opsanger, BKS Montering AS.
- Dei har levert frå første stund. Parallelt med å etablera selskapet og produksjonen for oss, har dei bygd og levert eit betydelig antal anlegg i ein hektisk periode. Alle av korrekt kvalitet og på rett tid. BKS har vore akkurat den partneren vi håpte og trudde dei skulle bli for oss, avsluttar Gjerding.
- Norwater AS er eit lite selskap lokalisert i Høylandsbygd med 11 ansatte i Norge og 2 i Shanghai, Kina.
- Selskapet er heileigd av Barge Invest AS. «NorWater», som står for hoveddelen av omsetninga, er anlegg som gjer om sjøvatn til ferskvatn.
- Selskapet har og sikkerhetsprodukt brukt til avgrensing av farlege område – «NorBarrier». Desse blir typisk brukt på oljeplattformar i Nordsjøen.