Østerbø maskin skifter navn

Østerbø Maskin blir Østerbø Solutions

Utviklinga har vore stor gjennom desse åra og difor byter selskapet no namn til Østerbø Solutions AS. Logoen, folka og lokasjonane er dei same, det er også dei litande løysingane.

Publisert

- Det er berre det juridiske namnet som no blir endra for å ha eit namn som speglar kva vi leverer i dag og kor me skal framover. Logoen, løysingane og konseptet Østerbø blir som før.

To gründer-bedrifter, Østerbø Maskin AS og Meland Elektro AS, har blitt eitt. No under fellesnamn som Østerbø Solutions AS. Østerbø er og skal framleis vere ein leverandør av sikker strømforsyning og smarte løysingar til kundar innan havbruk, industri og det offentlege.

Internasjonal marknad

Sjølv om namnet blir engelsk vil kommunikasjonen vår innanlands framleis vere på norsk. Men vi er i ein internasjonal marknad der både leverandørar, kundar og arbeidskraft frå ulike land gjer at stadig meir av aktiviteten vår er på engelsk. Men me beheld Ø-ane så me har framleis tydeleg forankring lokalt.

Endringane blir iverksette i oktober 2023.