VIL SNU UTVIKLINGA: Vestland fylkeskommune ønskjer å bidra til å snu utviklinga med meir kunnskap og treffsikre tiltak. No får fire samarbeidsprosjekt støtte til forsking som skal bidra til at havbruksnæringa i Vestland skal kunne auke produksjonen framover.

Deler ut 4,8 millionar kroner til fire forskingsprosjekt på lakselus

Forskingsprosjekta skal styrke arbeidet mot lakselus og betre vilkåra for villaks og sjøaure. Målet er at oppdrettsnæringa i fylket skal gå frå raud til grøn sone i trafikklyssystemet for oppdrett, og dermed styrke både matproduksjon og verdiskaping.

Publisert

– Havbruk er viktig for Vestland, med stor verdiskaping, matproduksjon og mange arbeidsplassar i kystsamfunna. Dette er gode samarbeidsprosjekt mellom forsking, næringa og forvaltninga, som kan få fram ny og banebrytande teknologi for å redusere problemet med lakselus. Vi treng ny kunnskap, og ikkje minst treng vi at teknologien vert utforska under forholda som gjeld i Vestland, uttalar leiar i hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune, Sigrid Brattabø Handegard i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

To av prosjekta skal forske på korleis oppdrettsnæringa påverkar sjøaure og villaks. 

–Det er eit viktig kunnskapsområde, og dei to prosjekta engasjerer sentrale forskingsmiljø på ein svært god måte, seier Handegard.

Desse prosjekta får støtte

Utlysinga hadde søknadsfrist 1. september 2025. Det kom inn sju søknader, og følgjande fire prosjekt får støtte:

  • «Lyd mot lus: Optimalisering av AcuLice for regional lusekontroll»: 1 400 000 kroner. Søkjar er Akvaplain-niva AS, i samarbeid med Universitetet i Bergen og PO 3/4 Kunnskapsinkubator. Målet med prosjektet er å undersøkje om bruk av eit samansett akustisk lydbilete kan verte utvikla til å bli ein regional behandlingsmetode for å redusere volumet lus i havbruksanlegg. Prosjektet vil bli gjennomført i definerte område i produksjonsområde 3 og 4.
  • «Teknologi for effektiv bekjempelse av lakselus – nytt konsept utan fysisk handtering av laks»: 1 400 000 kroner. Søkjar er NORCE Energi og teknologi Vestland, i samarbeid med Veterinærinstituttet, Biovivotech AS, Licedefence AS, og Tombre Fiskeanlegg AS. Målet med prosjektet er å dokumentere effekten av LiceDefence-teknologien i full kommersiell skala. Denne førebyggjande teknologien skal drepe luselarvar i pelagisk stadium før dei når inn i merdane. Den patenterte kombinasjonen av lys, elektromagnetisme og elektrolyse finst ikkje på marknaden i dag, og vil her bli testa under reelle produksjonsforhold med sikte på å redusere påslag av lakselus, forbetre fiskevelferd og redusere behovet for tradisjonelle behandlingar.
  • «Automatisert overvåkning av laksesmolt i marint miljø; Utvikling av ei PilotRuse»: 1 000 000 kroner. Søkjar er Universitetet i Bergen, i samarbeid med Akvaplan-niva AS, Aqualife R & D AS, Skandinavisk Naturovervåking AS og PO 3/4 Kunnskapsinkubator. Målet med prosjektet er å kartleggje moglegheiter og avgrensingar i samband med bruk av eit nyutvikla rutesystem for observasjon og karakterisering av laksesmolt i marint miljø. I motsetnad til tradisjonelle ruser vil denne nye metoden ikkje fange fisken, men heller leide den gjennom ei innsnevring (les: tunnel) der avansert kamerateknologi registrerer all informasjon ved passering. Eit viktig moment er at overvakinga skjer utan fysisk handtering. Det minimaliserer risiko for stress, og gjer det mogleg med kontinuerleg drift gjennom heile utvandringssesongen.
  • «Årsaker til variasjon i sjøauretbestandar på Vestlandet – ein påverknadsanalyse i ferskvatn og saltvatn»: 1 000 000 kroner. Søkjar er Norce Miljø, i samarbeid med Havforskningsinstituttet og Lingalaks AS. Målet med prosjektet er å identifisere og kvantifisere dei viktigaste marine- og ferskvatndrivarar bak variasjonen i sjøaurebestandar på Vestlandet, gjennom samanstilling, kvalitetssikring og analyse av eksisterande datasett. Mellom anna vil det bli samla og kvalitetssikra tidsseriar for gytefiskteljing og fangstdata av sjøaure frå meir enn 70 vassdrag på Vestlandet.