En av lokalitetene som drives av Tombre Fiskeanlegg AS, Arkivfoto.

Går som det susar - feirar 45-års jubileum

Tombre Fiskeanlegg AS feirar 45 års jubileum i år, og kan sjå tilbake på ei fantastisk utvikling. Framtidsutsiktene ser gode ut for selskapet som har investert i både Thermolicer og reinsefisk for å få bukt med luseutfordringane.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Tombre Fiskeanlegg vart etablert i 1971 av Per Tombre med produksjon av regnbogeaure i Skogseidvatnet i Hålandsdalen. På 1980 talet starta produksjonen av smolt av laks i same vatn, og i 1988 utvida sonen Håkon Tombre bedrifta med lakseproduksjon i Hardangerfjorden.

Selskapet frå Eikelandsosen produserte øve 10.000 tonn rund laks i sjø i fjor.

- Det er me godt fornøyd med på sju matfisklisensar, fortel daglig leiar Håkon Tombre til kyst.no.

Les også: Kjemikaliefri lakseproduksjon, der du får eit innblikk i fjorårets regnskap og den kjemikaliefrie satsinga deira.

55-åringen synes det er stas at Tombre Fiskeanlegg kan feira 45-års jubileum i år.

- Det er 45 år sidan 500 stykk regnbogeaure var sett ut i Skogseidvatnet i Hålandsdalen som ei forsøk på attåtnæring til jordbruksdrifta til Olaug og Per Tombre, fortel oppdretteren.

Handfôra fisken

Håkon Tombre kan gleda seg øve at selskapet kan feira 45-års jubileum. Foto: privat.

Håkon fortel han var berre ni år gamal då drifta vart satt igong, og på den tida tykte han det var umåteleg spanande å liggja på merdkanten og handfôre fisk.

Jubileumsfeiringa skal skje med brask og bram på Solstrand hotell laurdag 17 september.

- I forbindelse med feiringa skal vi arrangere ein tur øve fjorden, på ein lokalitet i Fusa der ein ny flåte skal døypast, fortel Tombre.

Han legg også til at dei skal invitera kundar, leverandørar og presse på feiringa. På kvelden vert det arrangert til litt festligheter på hotellet også.

Kontroll på lusa

Når det gjeld lus på lokalitetane til selskapet, seier han at dei har kontroll og har ikkje merka eit så stort lusepress.

- Det er litt aukande lusetal i perioden rett før og under tilsetting av villfanga reinsefisk i juli. Men tala gjekk kjapt ned når reinsefisken fekk litt tid på seg, fortel han til kyst.no.

Tombre meinar vidare at det ville vore dårleg fiskevelferd å avlust i denne perioden, å utsetja laks for stress er ein ting, men verst for reinsefisken som knapt har restituert seg etter fangst, for så å få ein påkjenninga med avlusing.

- Me frykta at ein god del av reinsefisken då ville døy i og etter ein slik handtering, som igjen medfører behov for meir leppefisk for å erstatte utgangen. Det er ikkje bra fiskevelferd i henhold til enkeltindivid og bestandsmål, fortel han engasjert.

- Har Thermolicer-investeringa gjort at Tombe slepp kjemiske avlusingar? 

- Ja , definitivt. Nokre justeringar gjeres løypande, og det vert berre betre og betre. Men eigentleg ynskes ein handteringsfri metode på sikt, seier han.

  • I heile Tombre-gruppa er det 28 faste og 8 deltid (sommar og helgeavløysarar) i tillegg kjøper dei tenestar lokalt og regionalt.
  • Tombregruppa består av 4 selskap , Tombre Fiskeanlegg AS, Fjord Drift AS, Drageid Laks AS, og Quatro Laks AS. TF,FD, og QL er matfiskanlegg. DL er klekkeri og settefiskanlegg.
  • Den største aksjonæren i selskapet er Tombre Anno 1786 AS, som igjen er eid av Håkon Kristian Tombre.
  • Selskapet har seinare ekspandert og i dag driver de fem matfisk og to settefisk konsesjonar i Tombre gruppa.
  • Deler av yngelen deira og smoltbehov blir produsert ved Sævareid Fiskeanlegg AS som Tombre Fiskeanlegg er medeier i. Gjennom eierskap pakkar Tombre-gruppen sin lakseproduksjon ved Hardanger Fiskeforedling AS, H-109, som har en slaktekapasitet på 15.000 tonn laks pr.2009.