Martin Sundal fekk prøva korleis det er å ta hand om sprell levande laks. Foto: Ingrid Storetvedt.

Trosset været for nærkontakt med laks

Trass dårlege vêrmeldingar og noko vind fekk Alsaker Fjordbruk gjennomført det årlege bedriftsbesøket for 10. klasse ved Tysnes skule, torsdag 29.09.16.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

På Facebook melder Alsaker Fjordbruk om et vellykket skolebesøk.

Malin Hagen-Lunde er TAF-lærling på andre året. Ho trives svært godt med å kombinere skulegong og praksis. Foto: Ingrid Storetvedt.

Føremålet med å invitera 10. klasse er å visa dei kva me driv med i Alsaker Fjordbruk og gjera dei merksam på at akvakultur er eit godt framtidsval. Inviterte var òg rådgjevar ved Fusa vidaregåande skule og ein representant frå Fylkeskommunen si opplæringsavdeling ved Fagopplæringskontoret på Stord. Dei besøkjande fekk læra litt om laksen sitt liv frå A til Å, litt om utdanningsvegar innan akvakultur og litt om kva andre yrker ein kan utdanna seg til knytt til oppdrettsnæringa.

Eit besøk på matfiskanlegget «Onarøy» der dei med sjølvsyn fekk sjå laksen i merdane og møta driftsoperatørane i aksjon var ein viktig post på programmet. Malin Hagen-Lunde (TAF-lærling) og Andreas Matre som no er klar for fagprøven i akvakultur, er flotte ressursar i denne samanheng og gode ambassadørar for faget.

Me takkar ein kjekk og lydhøyr gjeng for besøket, og vonar at dei vart inspirert til å velja vår veg!