Flornes, Foto: Alsaker/Ove Gjerde.

Lus og sjukdom bidrog til svakt produksjons-resultat

Administrerande direktør Gerhard Meidell Alsaker fortel at Alsaker-konsernet i fjor la ned svært mykje arbeid i bekjemping av lakselus og gjenomførte betydelege investeringar. Dette er nokon av faktorane som påverka resultatet til konsernet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Konsernet endte på eit driftsresultat på 194 millionar kroner i 2015. Med ein omsetnad på kr 1.166 millionar gir dette ein driftsmargin på 16,7 prosent.

Konsernet dreiv i fjor fem smoltanlegg, 22 matfiskkonsesjonar og eit slakteri, og produserte cirka 31 500 tonn laks, mot rundt 32.000 tonn året før.

- Produksjonsmessig har 2015 vore eit heller svakt år for konsernet. Dette kan dels forklarast med mykje tilveksttap i samband med avlusing, og dels forklarast med fleire tilfeller PD. Likevel er den biologiske situasjonen ved inngongen til 2016 betre enn på tilsvarande tidspunkt året før, skriv Gerhard Alsaker i ei pressemelding.

Konsernet opplyser og at dei har lagt ned svært mykje arbeid i bekjemping av lakselus og at nivået av lakselus gjennom heile året har lege under gjeldande krav sett av styresmaktene.

Illustrasjon:Alsaker Fjordbruk.

- Alsaker har i 2015 hatt ein høg innovasjonstakt med mellom anna satsing på oppbygging av eit nytt anlegg for produksjon av rensefisk. I tillegg har konsernet bygd opp ei mekanisk behandlingsplattform for avlusing med svært stor kapasitet. Innovasjon Norge har vore ein sentral støttespelar i prosjektet, skriv Alsaker.

Den internasjonale marknaden for laks skriv han har vore prega av ein veldig sterk etterspurnad, også i 2015.

- Det globale tilbodet av atlantisk laks auka med cirka 3 prosent medan gjennomsnittsprisen på laks eksportert frå Norge også auka litt samanlikna med året før.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på kr 891 millionar – noko som gir ein eigenkapitalandel på 54 %.

- Produksjonen hittil i 2016 har gått som planlagt. Saman med høge lakseprisar lovar det godt for 2016, konkluderar han.