Vidar Onarheim seier konferansen har vakse seg til å vera den største havbrukskonferansen på Vestlandet, og visar med rekordpåmelding at folk finn det spanande og interessant å møtast i ein slik samanheng. Foto: privat.

Rekordstor påmelding til aqKva-konferansen

- Det er per dags dato 184 påmeldte til aqkva konferansen, noko som er rekordstor påmelding så lang tid i forvegen. Det tyder på at konferansen også i år vert fullbooka, men langt tidlegare enn i fjor, seier komitémedlem Vidar Onarheim,

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Aqkva er den største havbrukskonferansen på Vestlandet og ein møtestad der næring, forskning og forvaltning kan møtast, utveksla erfaring og få ny kunnskap. Konferansen vert haldt på Stord i Hordaland den 21 januar 2016.

Årets konferanse har fokus på omdømme, vidare vekst for næringa, innovasjon, bærekraft og miljø.

- Det meste av dette henger naturleg saman, og konferansen vil bidra til å få fram dette, seier Vidar Onarheim, som sit i komitéstyret.

Trekkplasteret Steen Jensen

Ingebrigt Steen Jensen kjem på konferansen. 

Han drar fram trekkplasteret Ingebrigt Steen Jensen som eit av dei viktigaste foredraga under årets konferanse. Han er kjend som reklamemann, forfattar, foredragshaldar og fotballleiar.

Onarheim peiker også på fiskeriministeren, Øyvind Oaland og Helge Singelstad som nokon av dei mest kjende fordragshaldarane som kjem.

- Eg trur at mange i næringa vil lytta nøye etter når Steen Jensen kjem med råd om korleis næringa kjem med råd om korleis omdømmebygginga kan gjerast betre enn i dag. Det same vil og gjelda når Oaland held foredrag om korleis han ser for seg vidare vekst, både nasjonalt og internasjonalt. For mange vil Helge Singelstad sitt foredrag vera det største trekkplasteret, med lang fartstid og kunnskap i heile sjømatnæringskjeden skal han snakka om kysten som levebrød for folk, fortel han til kyst.no.

Han seier konferansen har vakse seg til å vera den største havbrukskonferansen på Vestlandet, og visar med rekordpåmelding at folk finn det spanande og interessant å møtast i ein slik samanheng.

Fjorårets konferanse hadde eit sterkt fokus på lusebekjemping.

- Det er per dags dato 184 påmeldte, noko som er rekordstor påmelding så lang tid i forvegen av konferansen. Det tyder på at konferansen også i år vert fullbooka, men langt tidlegare enn i fjor, legger han til.

- Tidligere fiskeriminister Elisabeth Aspaker skulle jo komme på konferansen, vil Per Sandberg da ta over?

- Fiskeriministeren (Aspaker) var bekrefta av departementet, no ventar me på ei avklaring på om Sandberg har anledning til å møta. Me har fått bekrefta frå departementet at det kjem ein fordragshaldar for å halda det avtalte fordraget, men det er enno uvisst kven – så det er det jo lov å håpa, seier Onarheim optimistisk.

- Kven er nominert til årets Aqkva pris?

- Her er juryen sine munnar lukka med 8 segl, minst. Det er fortsatt lov å nominera kandidatar fram til 23:59 den 31.12.2015 på post@aqkva.no.

Prisen er ei utmerking som vert gjeven til ein aktør i havbruksnæringa som gjennom ein spesiell innsats eller tiltak eller langvarig engasjement. Personen har teke næringa eit steg vidare framover og vore eit eksempel til etterfølgjing, og dermed gjort seg fortent til ein hyllest frå heile havbruksnæringa, skriv selskapet.

Elles på programmet kjem blant anna desse foredragshalderane: 

  • Helge Singelstad, Administrerande direktør i Laco AS.
  • Torleif Lothe, Seniorforsker, Uni Research Polytec.
  • Nils Inge Hitland, Dagleg leiar Salmon Group.
  • Jan Arve Gjøvik,
  • Ørjan Karlsen, forskar ved Havforskningsinstituttet.
  • Borhild Hillestad, Genetics and Genomics Manager, SalmoBreed  
  • Nina Santi, Teknisk direktør, AquaGen. 
  • Årets underhaldarar vert Åge Stokken og Geir Bjarte Hatlevik, kjende frå revymiljøet på Stord og Fitjar.
  • AqKva er en interesseorganisasjon med formål å fremme kunnskapsformidling om oppdrett av akvatiske organismar.