AqKva arrangeres for andre gong i Bergen, og har i år rekordpåmelding med over 600 deltakarar. Foto: Kyst.no.

Den 16. aqKva-konferansen er no i gong

Med rekorddeltaking på årets aqKva, er det no full trøkk på den populære havbrukskonferansen som arrangeres for 16 gong. Dagen er spekket med havbruksnyheiter og innlegg, og Kyst.no vil servere mange spanande nyheiter frå konferansen. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I fjor gjekk konferansen av stabelen for fyrste gong i Bergen, ettersom konferansen var rett og slett blitt for populær for konferansefasilitetane på Stord/Leirvik. 

Det er totalt 16. gong havbrukskonferansen arrangerast, og representantar frå heile næringa: oppdrettarar, forskning, forvaltning og leverandørindustri er på plass. aqKva har dei siste åra vokst til å bli ein av Noregs største havbrukskonferansar. 

Styreleiar Kjell Arne Møklebust, teknisk arrangør Vidar Onarheim og styremedlem Tor Solberg har alle sett fram til årets konferanse som dei meiner byr på mykje bra fagleg innhald. Klikk for større bilete. Foto: Pål Mugaas Jensen/Kyst.no.

Teknisk arrangør Vidar Onarheim seier til Kyst.no at dei har hatt rekordpåmelding og talet har økt fra 556 deltakarar i fjor til over 600 stykk i år.   

- Det er me godt nøgd med. Det er andre gongen me samlast på Quality Hotel Edvard Grieg, og me auker antal deltakarar år for år. Dette er jo ein konferanse fyrst og fremst for oppdrettarane, og me er glade for at så mange av dei stiller år etter år. Sidan konferansen er flytta til Bergen frå Stord, ser me at fleire fra næringa kjem frå andre stadar enn Vestlandet og ynskjer å delta. aqKva er ein havbrukskonferanse for heile landet, og det ser me reflekterer deltakarlista i år også. Noregs sørligaste oppdrettar kjem, og veldig mange frå nord i landet kjem også, fortel Onarheim fornøyd.  

Det er også ei auke i antal utstillarar, og i år skal heile 60 ulike havbruksaktørar vera på plass med stand og representantar. 

Spanande resultater

Årets program er spekka med eit variert fagleg innhald. Spesielt er det verdt å merka seg det kjem spanande resultat frå prosjektet «Salmon Tracking 2020» – forkortet «SALT2020», som Albert K. D. Imsland forskningsleder i havbruk hos Akvaplan-niva AS skal leggje fram.

På talerstolen vil man også få høyra innlegg frå statssekretær Roy Angelvik, Line Ellingsen dagleg leiar i Ellingsen Seafood, Kari Attramadal i Nofitech, Frank Nilsen ved Lusesenteret og advokat Grunde Bruland, samt mange fleire. 

Norsk Fiskeoppdrett og Kyst.no er mediepartnar til konferansen, og vil i dag ha bred dekning på sakane frå arrangementet. Så følg oss utover dagen. Me har også stand på konferansen. 

Aqkva-konferansen:

  • Starta som ein konferanse retta mot oppdrett av marine artar – fyrst og fremst torsk, og vart arrangert fyrste gong på Stord hotell i 2004. Dei fyrste åra låg deltakar- talet på rundt 70- 80, men har gradvis auka år for år, og har vakse til å bli ein av landets største havbrukskonferansar. 
  • Etter kvart som torskenæringa si betydning vart redusert, vart fokuset på konferansen dreid over på laks.
  • Konferansen er arrangert av AqKva AS, eit selskap som har som føremål å fremja kunnskapsformidling gjennom ulike arrangement.
  • Hittil er AqKva-konferansen arrangert 15 gongar, i år blir gong nummer 16.
  • AqKva har også arrangert «Rensefiskkonferansen på Stord» to gongar. I fjor arrangerte dei også «Sjøsikkerhet i Havbruk» i Haugesund, «Svanøy-konferansen» (ørret) på Svanøy og «Sats marint» i Bergen.

AqKva-pris 2019

Det er tradisjon for dele ut AqKva prisen. I år som årene før skal ein komite avgjere kven vinnaren av heidersprisen vert. For andre år på rad er Norsk Fiskeoppdrett representert i juryen, ved redaktør Pål Mugaas Jensen.

Onarheim og Mugaas Jensen fortel at det har vore mange kandidatar dei har vurdert, og påpeiker at juryen har fått inn mange gode eksterne innspel til kven som burde vinne heidersprisen.

AqKva prisen er ei utmerking som blir gitt til ein aktør i havbruksnæringa som gjennom ein spesiell innsats eller langvarig engasjement har teke næringa eit steg framover og vore eit eksempel til etterfylgjing og dermed gjort seg fortent til ein hyllest frå heile havbruksnæringa.

Prisen skal vera ein honnør for vel utført arbeid og inspirasjon til vidare innsats for næringa, og har vore delt ut kvart år sidan 2006.

Kven som går av med den gjeve sigaren kan du lesa på Kyst.no seinare kveld.

I fjor vart vinnaren Sveinung Sandvik frå Kvinnherad, les Kyst.no sitt intervju med fjorårets prisvinnar her.

Gründerjulepresang-vinnar kåres

Nytt av året er at vinnaren av årets Gründerjulepresang vert offentleggjort på Aqkva-konferansen.

Og til sist skal det også kårast beste poster/stand under Student’s Corner. Også her er Norsk Fiskeoppdrett representert i juryen.

Årets Gründerjulepresang for havbruk er den tredje i rekka, og inneheld praktisk gründerhjelp i tillegg til ein pengepremie.

Premien skal kunne gje vinnaren ein unik moglegheit til å lansere og kommersialisere ein ny idé, eitt produkt eller ein teneste til havbruksnæringa.

Kvelden avsluttes med festmiddag og årets underhaldningsinnslag til festmiddagen vert Finn Tokvam og Olav Stedje som skal bidra til at stemningen er på topp. 

Les sakene om dei nominerte her: