Sveinung Sandvik vart torsdag 18. januar hylla med heidersprisen under AqKva-konferansen 2018. Arkivfoto:

- Ein vert aldri for gamal for å bli sett pris på

Havbruksveteranen Sveinung Sandvik frå Rosendal fekk nyleg AqKva sin heiderspris 2018. - Eg er utruleg stolt og rørt øve å ha fått denne prisen, og ein vert aldri for gamal til å bli sett pris på, fortel den glade vinnaren.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Sveinung Sandvik (64) kjem opphaveleg frå Fitjar, men har busett seg i Rosendal i Kvinnherad kommune. 64-åringen har hatt ei lang yrkeskarriere innanfor havbruk og organisasjonsarbeid, og vart i går kveld heidra under AqKva-konferansen i Bergen med AqKva sin eigen heiderspris.

Ein rørt og glad Sveinung Sandvik takka for prisen under AqKva-konferansen i Bergen i torsdag kveld. Foto: Kyst.no. 

Sveinung Sandvik kan dagen etter prisutdelinga fortelje til Kyst.no, at det er stas å bli satt pris på.

- Etter vel 40 år i havbruksnæringen så har eg jo lurt på om eg kanskje bør gje meg og la nye krefter skal få sleppa meir til. Det er jo sunt med utskifting i posisjonane, men samtidig er det jo kjekt at folk sett pris på at eg har haldt på så lenge, fortel han.

Sandvik seier han vart overraska over å få ein slik pris for arbeid som han sjølv tykkjer er såpass kjekt og meiningsfylt.

- Eg kan berre seia at eg er utruleg stolt og rørt øve å ha få denne prisen. Det er rett å slett veldig kjekt, og ein vert aldri for gamal til å bli sett pris på, seier han med eit smil.

AqKva prisen er ei utmerking som blir gitt til ein aktør i havbruksnæringa som gjennom ein spesiell innsats eller langvarig engasjement har tatt næringa eit steg framover og vore eit eksempel til etterfølging og dermed gjort seg fortent til ein hyllest frå heile havbruksnæringa. Prisen skal vera honnør for vel utført arbeid og inspirasjon til vidare innsats for næringa.

Meir enn 30 år i næringa

Sidan 1986 har Sandvik arbeidd innanfor havbruksnæringa. 64-åringen fortel han også har vore innom lokalpolitikken, og har jobba ein del med kommunalt arbeidd også.

- Eg starta havbrukskarrieren i Settefisk foreininga i 1986, sidan har eg vore med i forskjellige verv og organisasjonar. Det å jobba i organisjonar i næringa er viktig og særdeles kjekt arbeid, fortel han.

Sandvik er per dags dato driftsleiar på anlegget til Lerøy Sjøtroll, avdeling Sundal i Kvinnherad kommune, men han tenkjer no på om han skal pensjonere seg.

- Men heilt vekk frå havbruksnæringa skal eg ikkje, påpeikar han.