Åsta Haugarvoll i Lingalaks fekk årets aqKva-pris for sitt arbeid blant over mange år i familiebedrifta Lingalaks og Hardanger Akvasenter. Foto: Lingalaks.

Årets aqKva-pris gjekk til denne driftige dama

Aqkva-prisen 2019 gjekk til Åsta Haugarvoll frå Lingalaks og Hardanger Akvasenter. Prisen får ho for sitt framifrå arbeid for familiebedrifta. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Aqkva-prisen deles ut på det som har blitt ein av Noregs største havbrukskonferansar, nemleg aqKva. 

Denne gong gjekk prisen til ei driftig dame, som har vore med og bygd opp familiebedrifta Lingalaks og visningssenteret deira. 

Hans Inge Algrøy fra Sjømat Norge delte under festmiddagen på kvelden ut prisen, og opplyste at juryen har kåra Åsta Haugarvoll (71) frå Lingalaks og Hardanger Akvasenter som vinnar av årets pris. 

Det er den 13. gongen prisen delast ut, og for tredje gong i historia var det ei kvinne som vart tildelt heidersprisen. 

Hans Inge Algrøy fra Sjømat Norge delte som vanleg ut aqKva-prisen på vegne av juryen, og denne gong gjekk heidersprisen til Åsta Haugarvoll i Lingalaks. Foto: Pål Mugaas Jensen/Kyst.no.

- Eit eksempel til etterfylgjing

Årets prisvinnar påpeikte Algrøy fyller fullt ut kravet både til langvarig engasjement og god innsats. Åsta Haugarvoll fekk tildelt eit kunstbilete laga av Harald Kryvi, som er kjent både som kunstnar, forfattar og professor. 

Honnør for vel utført arbeid og inspirasjon

Algrøy sa innledningsvis at AqKva-prisen er ei utmerking som blir gjeve til ein aktør i havbruksnæringa som gjennom ein spesiell innsats eller langvarig engasjement har teke næringa eit steg framover og vore eit eksempel til etterfylgjing og dermed gjort seg fortent til ein hyllest frå heile havbruksnæringa.

Prisen skal vera ein honnør for vel utført arbeid og inspirasjon til vidare innsats for næringa, og har vore delt ut kvart år sidan 2006.

Juryen har lagt vekt på at vinnarane av AqKva prisen skal ha breidde i sitt engasjement i havbruksnæringa, og denne gongen har prisvinnaren minst to viktige roller som egentlig har vore utøvd samtidig, den eine kanskje meir synleg enn den andre.

Eldsjela Åsta Haugarvoll er primusmotor bak Hardanger Akvasenter. Ho vart tildelt årets aqKva-pris for arbeidet ho har gjort for senteret samt for familiebedrifta Lingalaks, under aqkva-konferansen 2019 i Bergen torsdag kveld. Klikk for større bilete. Foto: Lingalaks.

- Bygd opp ei blomstrande havbruksbedrift

Algrøy fortel at prisvinnaren har saman med ektefellen sin bygd opp ei blomstrande havbruksbedrift som er godt framoverlent og som gjennom 40 år har tilpassa seg nye rammebetingelsar og søkt nye utfordringar samstundes som god vestlandsk nøkternhet har lagt til grunn.

- Prisvinnaren har stått fjellstøtt ved sida av ektefellen sin og der han har vore den som har figurert utad er det nok ho som har lest det som står med liten skrift og sørga for at også detaljane er på plass, ikkje alltid like synlig for omgivelsene i den rollen. 

Algrøy påpeikte at det er etterkvart etablert mange visningsanlegg for fiskeoppdrett, i alt ca 30 til no i Noreg, og desse visningsanlegga er utrulig viktige for næringa.

- Prisvinnar Åsta var med og etablerte eitt av dei to første visningsanlegga for laks i landet i 2007. Heilt fram til nyleg har ho vore den som har vore ansiktet utad for dette visningsanlegget.

Hardanger Akvasenter vart skipa i 2007 som Norges fyrste visningsanlegg for havbruk. 

Algrøy fortel vidare at anlegget har hatt tusenvis av turistar frå inn- og utland på besøk, her har det vore møter, konferansar og delegasjonsbesøk og mange festlege samkomer på ein flåte som ligg midt i Fyksesundet i Hardanger.

Åsta Haugarvoll er ei driftig dame, og har saman med ektemannen sin og familien Haugarvoll bygd opp familiebedrifta Lingalaks til det den er i dag. Klikk for større bilete. Foto: Marit Hommedal.

- Alle som har vore innom anlegget har fått god informasjon om kva lakseprodusentane eigentleg held på med, dei har fått sjå både gjennom undervannskamera og frå merdkanten korleis fisken oppfører seg i merden og fått med seg allsidig kunnskap om samspelet mellom biologi, teknologi og dyktige medarbeidarer som kan faget sitt. Etterpå har dei fått forsyne seg rikeleg av utsøkte rettar av laks og ørret som dagens prisvinnar smilande og profesjonelt har presentert og servert. 

- Som deltakar og pådrivar i prosjektet Smak av Kysten har Åsta trylla fram dei flottaste rettar som tenkjast kan til dei mange som gjennom snart 12 år har besøkt dette anlegget i Hardangerfjorden. Dette er omdømmebygging og framtidsbygging på sitt beste, dette er innsats som det er vel verd å setja pris på og gje AqKva prisen til, sa Algrøy avslutningsvis då han kalla vinnaren fram på scenen. 

- Vel fortent

Son Erlend Haugarvoll fortel til Kyst.no at han synes det er stor stas at mor hans har vunnet denne prisen, og mener det er vel fortent. 

- Ho har saman med gründerane i Lingalaks bygd opp familebedrifta, og gjort ein formidabel innsats. Det dei har gjort oppgjennom alle desse åra er er godt teamwork, og mamma var og er ein stor del av årsaka til at dette har lukkast. Eg er stolt over den jobben ho har gjort for bedrifta og synes det er fantastisk at nettopp ho vann, seier sonen.  

Erlend påpeikar at ho har full kontroll på visningssenteret som ho saman med ledelsen har bygd opp, og påpeiker Åsta har vore ein svært viktig for denne utviklinga av selskapet.  

- Både mor mi og far min har jo ofta jobba dag og natt med å etablera og drifta Lingalaks som oppdrettsselskap, i tillegg til å ha ein familie å ta seg av. Mamma har jo starta opp visningssenteret, samtidig som ho har drifta senteret og teke seg av alle visningane, guida folk og vist dei rundt på merdkanten og lært dei om norsk havbruk, fortel han stolt. 

Haugarvoll fortel mor hans også er svært glad i å lage mat, og brenn for å tilby god lokal sjømat. Noko som ho sjølvsagt tilbyr dei besøkande på visningssenteret. 

- Mange gode innspel

For andre år på rad er Norsk Fiskeoppdrett representert i juryen, ved redaktør Pål Mugaas Jensen.

Han fortel til Kyst.no at det har vore mange kandidatar dei har vurdert, og påpeiker at juryen har fått mange gode eksterne innspel til kven som burde vinne heidersprisen.

I fjor vart vinnaren Sveinung Sandvik frå Kvinnherad, les Kyst.no sitt intervju med fjorårets prisvinnar her.

Sjå alle dei tidligare prisvinnarane under: 

  • 2006 - Jørgen Borthen
  • 2007 - Erlend Waatevik
  • 2008 - Gerhard Alsaker
  • 2009 - Eivind Bergtun
  • 2010 - Olav Svendsen/Salma
  • 2011 - Cato Lyngøy
  • 2012 - Magnar Ottesen
  • 2013 - Elin Tveit Sveen
  • 2014 - Harald Mundal
  • 2015 - Bjørn Olav Rosseland
  • 2016 - Torhild Lohne
  • 2017 - Norsk Fiskeoppdrett
  • 2018 – Sveinung Sandvik