Gå til innhold
Annonse
- Me vil klekka og produsera mest mogleg rognkjeks, i allefall dekka vårt eige behov, seier driftsleiar Øystein Eskeland, som visar fram anlegget på Onarheim Bruk. Selskapet har nyleg starta opp rognkjeksdrift ved det gamle smoltanlegget. Foto: Therese Soltveit

Hjå Alsaker Fjordbruk på Onarheim går produksjonen av rognkjeksen som den skal. I sommar leverte selskapet sitt fyrste parti av den glupske luseetaren.

Annonse

Kyst.no besøkte rognkjeksanlegget til Alsaker-konsernet på Tysnes i fjor då rognkjeks-drifta var i startfasen. Les meir om produksjonen deira her.

Eitt år etter kan driftsleiar Øystein Eskeland ved Onarheim Bruk fortelja at produksjonen går som venta.

- Klekkinga har gått bra og me har fisk fra 0-15 gram. Me reknar med å produsera omlag ein million leveringsklar fisk i år. 

Eskeland seier dei ikkje har nokon spesielle utfordringar i produksjonsfasen, men peikar på at dei har stor byggjeaktivitet på området, som tidvis kan vera litt utfordrande.

Her syner dagleg leiar Øystein Eskeland fram den vetle rognkjeksyngelen på anlegget i fjor, før den vaks seg stor og var klar til å verte ein effektiv luseetar. Foto: Therese Soltveit.
Her syner dagleg leiar Øystein Eskeland fram den vetle rognkjeksyngelen på anlegget i fjor, før den vaks seg stor og var klar til å verte ein effektiv luseetar. Foto: Therese Soltveit.

- Det er kjekt og sjå at anlegget er under utvikling, og dette vert eit kjempeanlegg når det står ferdig, seier han fornøyd.

Fyrste leveransen i boks

Den nytilsette samfunnskontakten Kristian Råsberg seier til kyst.no at selskapet hadde sin fyrste leveransen tidlegare i sommar, og har levert ein del fisk så langt.

- Me har gode erfaringar med rognkjeksa i sjøen, og den har ete godt i sommar. Dette er eitt av fleire tiltak me nyttar mot lusa, og ein metode me har stor tru på framover, legg Råsberg til.

Selskapet har ein konsesjon på omlag 15 millioner rognkjeks.

– Grunnen til at me satsar på rognkjeks er enkel. Det er eit stort behov for rensefisk i næringa, har Eskeland tidlegare uttalt til kyst.no.

Har du en sak du
vil tipse oss om?

Annonse