Gå til innhold
Annonse

«Knoll» og «Tott» snart klar for drift hos Firda Seafood

Fartøyet «Knoll» er under ferdigstilling ved Rosendal Marinservice, der dei no utfører dei siste uttestingane på båten før overlevering på fredag. Foto: Rosendal Marineservice.
Fartøyet «Knoll» er under ferdigstilling ved Rosendal Marinservice, der dei no utfører dei siste uttestingane på båten før overlevering på fredag. Foto: Rosendal Marineservice.

Oppdrettselskapet Firda Seafood skal få to nye Risnes-fartøy i flåten, fyrst ut denne veka er overlevering av båten «Knoll». 

Annonse

Rosendal Marineservice AS har dei siste vekene utrusta to fartøy til Firda Seafood i Gulen, som har fått namna «Knoll» og «Tott». Det fyrste fartøyet skal leverast i slutten av denne veka, og det andre om to veker. 

Selskapet får levert ferdig skrog i aluminium med styrehus frå Polen, som dei fullt utrustar i Rosendal. Risnes Marine er kontraktspartnar og kunden deira, og har avtalar med oppdretterane som dei leverer fartøya til etter utrustinga er ferdig.  

Overlevert på fredag

Dagleg leiar Svein Arne Sæberg seier til Kyst.no at fyrst ut er «Knoll» som vert overlevert til kunden på fredag, deretter skal dei levere «Tott» om to veker. Båtane har byggenummer 207 og 208. 

Dagleg leiar Svein Arne Sæberg har hatt travle veker, då dei har utrusta fire fartøy dei seinare månedane. Det er fyrste gongen Rosendal Marineservice utrustar fartøy for Firda Seafood og skal i løpet av to veker levere to arbeidsbåtar. Foto: Therese Soltveit.
Dagleg leiar Svein Arne Sæberg har hatt travle veker, då dei har utrusta fire fartøy dei seinare månedane. Det er fyrste gongen Rosendal Marineservice utrustar fartøy for Firda Seafood og skal i løpet av to veker levere to arbeidsbåtar. Foto: Therese Soltveit.

Selskapet brukar vanlegvis 12-15 veker på eit utrustingsoppdrag frå dei får skroga til levering av ferdig båt. Rosendalbedrifta har også nyleg levert to arbeidsbåtar til Tombre Fiskeanlegg. 

Sæberg seier fartøyet ligg for tida i sjøen og plaskar, og påpeiker dei no gjere fleire uttestingar på verftet før overleveringa om to dagar. 

Fartøyet er blant anna utrusta med Palfinger krane som gir god løftekapasitet. 

- Utrustinga har gått etter planen, og me ligg godt an. Det er kun nokre småjusteringar som gjeres no, fortel han til Kyst.no. 

Ola Braanaas, konsernsjef i Firda Seafood seier dei ser fram til å få to nye fartøy i flåten deira. Foto: Firda Seafood.
Ola Braanaas, konsernsjef i Firda Seafood seier dei ser fram til å få to nye fartøy i flåten deira. Foto: Firda Seafood.

Lette lokalitetsfartøy

Ola Braanaas i Firda Seafood blir fyrst sjokkert over at Kyst.no kjenner til desse båtane.

- Hæ, korleis veit du om desse båtene? seier han og ler.

Etter at det verste sjokket var gått over, fortel han gladleg om dei nye fartøya selskapet skal få.

-  Det er lette oppdrettsbåtar som skal brukast til dagleg tilsyn og lettare operasjonar. Dei skal gå på lokalitetar her i Gulen, seier han utan at han kan erindre eksakt kva slags lokaliteter det gjeld.

Dei nye båtane fortel han er meint som lokalitetsbåtar til daglege gjeremål og ikkje til store, tunge operasjonar. 

- Me ser fram til å få dei på plass og gledar oss over alt som er nytt. Dei som er på anlegga ser fram til å få bytta ut dei litt eldre båtane, så får me noko med litt bedre dekksplass og som er bedre egna til dagleg bruk. Det er eigentleg ein oppgradering av flåten, fortell han.

Opdrettselskapet har for nokre veker sidan skrive følgjande post på Instagram, og lagt ut to bilder av båten som nærmar seg ferdigstilling: 

– Knoll og Tott våre to små-plugger av noen arbeidsbåter nærmer seg ferdig i Rosendal. Foto: Kjell Oddvar Stendal. Saka fortset under. 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

A post shared by FIRDA SEAFOOD GROUP (@firdaseafoodgroup) on

Tradisjonsrikt skipsverft

Rosendal Marineservice vart stifta i 2004 og har drive med opprusting og service av fartøy dei seinare åra.

I 2016 starta dei med oppdrag for havbruksnæringen, og i 2017 med utrusting av oppdrettsfartøy og modernisering av eldre fartøy for havbruksnæringa. Og det med stor suksess. Ettersom oppdragsmengda har auka, har selskapet tilsett fleire, og er no oppe i ti fast tilsette. Les meir om dette her.

Har du en nyhet du ønsker å dele eller sitter på tips om noe som skjer innen havbruksnæringen? Tips oss gjerne på redaksjon@kyst.no og merk emnefeltet med: “Tips”, så kontakter vi deg.

Annonse