Regionsjef Børre O. Waagan (t.v.), konsernsjef Hans Petter Selstad og dagleg leiar for Selstad Uskedal Egil Pile her på den offisielle opninga av det nye notvaskeriet i Uskedal. Verksemda gjer det godt og har auka antal tilsette. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda.

Offisiell opning av Selstads nye notvaskeri

Kvinnherad: Eit lite år etter dei starta opp drifta på Børnes i Uskedal hadde Selstad offisielle opning av notvaskeriet sitt. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Seint, men godt, kan det kanskje seiast om at opninga som Selstad feira i førre veke. 

– I neste månad får me ta og feira eittårsdagen, fleipa dagleg leiar for Selstad-avdelinga i Uskedalen, Egil Pile. 

Til opningsfeiringa stilte både konsernsjef, distriktsjef, ordførar og kundar frå oppdrettsnæringa, blant anna Marine Harvest, Lerøy Sjøtroll og Bremnes Seashore. Leverandør NetKem AS frå Oslo var også på plass. Dei oppmøtte fekk ein guida tur rundt på området, der blant anna den 53 000 liter store vaskemaskinen som er ei av verda største vart vist fram, skriv Grenda lokalavis. (krever pålogging). 

Sjå bildegalleri i slutten av saka. 

Langsiktig

I lokala til Eidsvik-familien er no skipsbygging bytta ut med notvasking og -bøting. Hans Petter Selstad, leiar for konsernet, var lukkeleg over etableringa.

– Me er glade for å vera til stades i Sunnhordland, og Uskedalen strategisk plassert i så måte. Det er korte avstandar både innover og utover fjorden. Me er også glade for samarbeidet med Eidsvik-familien, og gått inn på eigarsida i eigedomsselskapet her. Det har me gjort fordi me har tenkt å bli her, fortalte Hans Petter Selstad under seansen i kantina.

Selstad er direktør for den 65 år gamle familieverksemda med totalt 140 tilsette. Han hadde med seg fire sentrale personar frå leiinga i Måløy til Uskedalen denne dagen. 

Han røpte at dei allereie jobbar med planar for å utvida området.

– Me trur opptrett vil halda på posisjonen som den viktigaste næringa langs kysten. Erfaringa vår seier oss at anlegget her er av dei beste i faget, la Selstad til.

På berre eitt år har bedrifta vakse i antal tilsette og har gått frå seks til ni stykk. 

Ringverknader

Ordførar Peder Sjo Slettebø (H) stilte med blom og takka Selstad for at dei satsa i Kvinnherad.

– Havbruksnæringane legg til rette for arbeidsplassar med ulike kompetansebehov. Det gir gode ringverknader og me vil leggja til rette for vekst for dykkar kundar, sa ordføraren under opninga.

Svein Arne Eidsvik, dagleg leiar i Eidsvik Eigedom gratulerte også Selstad med dagen.

– Me har felles mål om å utvikla området vidare, og det er ekstra kjekt at dei maritime tradisjonane her på verftsområdet kan halda fram, helsa Eidsvik på vegne av eigarane av anlegget på Børneset.

Har du ein nyheit eller eit tips om noko som skjer innan havbruksnæringa? Tips oss på redaksjon@kyst.no og merk emnefeltet med: “Tips”, så kontakte me deg.