Ved Austevoll VGS si akvakultur-linjae er det viktig å bli utplassert og få erfaring i den bransjen man er interessert i. Elevane har praktisk arbeid, blant anna fôring av fisk på merdkanten. På grunn av koronapandemien har dei utplassert elevane i færre, men lengre periodar. Foto: Austevoll Vidaregåande skule.
Forventar mange søkere til akvakultur-linjene
I Austevoll har det dei siste åra vore mange søkere til vg1 naturbruk, samt videre på akvakulturlinja året etter. Rektor ved den vidaregåande skulen seier dei har hatt lange ventelister, og foreventer at mange søker i år også.
Austevoll vidaregåande skule på Storebø lærer akvakultur-elevane sine om moderne havbruk. I øyriket omgitt av oppdrettarar og aktuelle aktørar, gjev det eit godt utgangspunkt for elevane til å få god kjennskap til havbruksnæringa. Rektor Vivian Bjånesø fortel til Kyst.no/ Norsk Fiskeoppdrett at linjene deira innan akvakultur er populære.
- På vg1 naturbruk har me 45 elevar fordelt på tre klassar, på vg2 akvakultur har me ein full klasse på 15 elevar og på vg2 fiske og fangst har me to klassar med til saman 30 elevar. Dei siste åra har det vore stor søking til vg1 naturbruk og me har hatt lange ventelister. Me forventar at det framleis vert høg søking til denne studieretninga. Håpet vårt er at me skal kunne rekruttere nok elevar til å oppretthalde to klassar på vg2 fiske og fangst og to klassar på vg2 akvakultur, fortel ho.
Når det gjeld det utfordrande studieåret man har hatt i 2020/2021 meiner rektoren at dei har klart seg bra.
Kyst.no Pluss Personlig
Du får: Kyst.no Pluss-saker
199,-
per måned
KJØP
Kyst.no Pluss Årlig
Du får: Kyst.no Pluss-saker
2189,-
per år
KJØP
Kyst.no Pluss bedrift
Administrer flere abonnement på ett sted og betal med faktura.
2189,-
per år
KJØP