“Uforsvarleg” av Nordlaks

Fiskeridirektoratet meiner at Nordlaks burde oppdaga eit biomasse-avvik på 109 000 laks på eit langt tidlegare tidspunkt enn det som vart rapportert. Direktoratet kallar bedriftas handtering av saka «uforsvarleg».

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

De har vore stor merksemd rundt saka omtala på Vol.no, som viser til at Fiskeridirektoratet etterlyser 109 000 laks frå Nordlaks og der dei i eit brev til Mattilsynet kallar handteringa uforsvarleg.

Les også: Etterlyser over 100 000 laks fra Nordlaks

I tilsvaret frå Nordlaks bergunnar dei mangelen på rapporteringa med at den registrerte dødelegheita dei første månadene var langt under normalen til eit haustutsett å være, om ein ser vekk frå ein merd som hadde svært høg dødelegheit.

Fiskeridirektoratet på si side meiner at Nordlaks burde oppdaga avviket i biomassen på eit langt tidlegare tidspunkt og kallar bedriftas handtering av saka «uforsvarleg».

Etter at Fiskeridirektoratet ikkje var nøgde med fyrste forklaringa, fekk Nordlaks ny frist på å svare for seg. Fristen gjekk ut for ei drøy veke sidan.

Ser avvik i tallmaterial

Kva tilbakemeldingar direktoratet har fått og kva den mangelfulle rapporteringa vil ha å seie for selskapet, har ikkje Kyst.no lukkast å få tilbakemelding på. Men fiskeridirektør Liv Holmejord, kan likevel fortelje at dette den den første saka ho kjenner til av akkurat denne karakteren.

- Men det hender at vi ser avvik i talmaterialet når me arbeider med ulike sakar. Eksempelvis i samband med rømmingshendingar, seier ho.

Kva konsekvensar kan det ha for ei bedrift feilrapportere biomasse/antal fisk?

- Feil rapportering til myndigheitene kan ha alvorlege konsekvensar for selskapa. Saker knytt til uriktig lakselusrapportering illustrerer dette. Fiskeridirektoratet er avhengig av at selskapa journalfører og rapporterer på ein korrekt måte for å kunne utøve vårt tilsyn, seier ho.

Prioriterer etterleving av biomassereguleringar

Kor store variasjonar frå eller til, på faktiske biomassetall/antall fisk som er akseptabelt, føre Fiskeridirektoratet følgjer opp fortel Homefjord at varierar.

- Det er fleire faktorar som påverkar oppdrettsselskapa sin evne til å ha kontroll med antall fisk og biomasse, og Fiskeridirektoratet må vurdere dette i kvart einskilt tilfelle, poengterer ho.

- Kontroll av etterleving av biomassereguleringar er eit prioritert tilsynsområde for Fiskeridirektoratet. Me utviklar prosedyrar og verktøy som skal gjere det lettare for våre regionale tilsynsmedarbeidarar å oppdage avvik tidlegare i produksjonssyklusen, legg ho til.

Fiskeridirektøren fortel også at ho følgjer med på utviklinga av teknologi for å telje fisk i ulike delar av produksjonskjeda, og måle biomasse og særskilt størrelse på fisken i matfiskfasen.

- Dagens teknologi legg til rette for at selskapa kan ha svært god kontroll med produksjonen, og våre forventningar til journalføring og rapportering har utvikla seg tilsvarande.

Kor mykje fisk «forsvinn» på grunn av feilrapporteringar?

- Dette har vi ikkje samla tal på per i dag, seier ho.

- Me har i 2015 kome i gong med systematisk revisjon av selskapa sin produksjonsstyring med tanke på etterleving av biomasseregelverket, og som ein del av det journalførings- og rapporteringskrav. Dette arbeidet vil fortsette i 2016. Det er viktig at oppdrettsselskapa har gode system for å dokumentere antall fisk og biomasse gjennom heile produksjonen, seier ho.