Amund Måge frå Nifes.

- Strir mot offisielle kosthaldsråd

Professor Bjørn Bolann sine synspunkt går heilt mot dei offisielle kosthaldsråda frå Helsedirektoratet, samt VKM og EFSA sine risikovurderingar. - Dersom ein tek ei ekstrem toksikologisk innretning på personlige preferansar, kan ein ende ut med Bolann sine synspunkt, seier forskingssjef i forskingsseksjonen på framand og smittestoff ved Nifes Amund Måge.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Bjørn Bolann og fem andre frå forskingssida av det norske helsevesen har skrive ein kronikk publisert i Tidsskrift for den norske legeforening, der dei åtvarar mot å ete mat som inneheld miljøgifter som PCB og dioksinar. Nokre av dei matslaga som inneheldt mest i det norske kosthaldet er feite fiskeslag som laks , sild og makrell.

- Bolann sine synspunkt går heilt mot dei offisielle kosthaldsråd frå Helsedirektoratet, samt VKM og EFSA sine risikovurderingar. Eit kosthald vil både bestå av positive og negative komponentar, samt energi, og dersom ein tek ei ekstrem toksikologisk innretning på  personlige preferansar, kan ein ende ut med Bolann sine synspunkt, seier Amund Måge til Kyst.no.

I artikkelen skriv forskarane mellom anna «Vi må alle arbeide for å redusere nivået av miljøgifter i mat og bidra til at befolkningen velger et kosthold med et lavest mulig innhold av giftstoffer.»

- Første del av setninga hans kan ein jo tilslutta. Men han gløymer at maten skal gje både energi og andre næringsstoff som vitaminar, omega-3 feittsyrer, jod, selen med meir og då må ein ete varierte matvarer.

Eit stort ansvar

I eit intervju med NRK uttalte Bolann at han ikkje gjer barneborna sine feit fisk. Måge meiner hans utspel er lite relevante.

- Bolann vil tilsynelatande avslutte inntaket av all feit fisk til barn, og tek på seg eit stort ansvar for at dei då får i seg nok fleirumetta feitt og andre næringsstoff. Men vi har jo ønska at både koståtvaringar og kosttilrådingar skal verte gitt av dei som er gitt kompetanse til det som Mattilsynet og Helsedirektoratet, og då vert utspel frå enkeltlegar lite relevant, og det vil eg tru at også Helse Vest meiner.

Helse vest har tidlegare påpeika at dette ikkje er deira haldning:

«Det er ulike meiningar i forskarmiljøet innan ernæring rundt om i verda, og det er viktig at ulike standpunkt kjem opp og blir ein del av ein pågåande debatt. Haukeland universitetssjukehus ønskjer å understreke at sjukehuset ikkje har utarbeid eigne ernæringsråd, men held seg til gjeldande offisielle nasjonale ernæringstilrådingar»

Dioksin og PCB har gått ned

På spørsmål frå Kyst.no har Nifes laga ein tabell som viser utviklinga innan nokre av dei mest omtala miljøgiftene dei seinare åra. En kan i denne sjå ein markant nedgang innan dioksin og dioksinliknande PCB, dei siste åra. Men nedgangen er endå kraftigare om ein ser 15 år tilbake.

- Det har vore ein tydeleg nedgang i desse miljøgiftene i forhold til de nivåa som var på byrjinga av 2000-talet, seier forskar ved Nifes, Rita Hannisdal.

Tabellen viser dei siste års median verdiar på POPs i oppdrettsfisk frå overvakinga som Nifes gjer. Kjelde: Nifes.

Som ein og ser av tabellen er det ikkje nokon nedgang for PCB6, som er ei sum av dei vanlegaste PCB-ene ein finn i mat. (Dei dioksinliknande her nemd "dl-PCB" er rekna som dei farlegaste, og dei har gått ned). Det kan være fleire årsakar til at det er slik.

Hannisdal påpeiker at PCB og dioksiner kan kome frå ulike kjelder, og endringar i nivået for den eine vil derfor ikkje naudsynleg føre til tilsvarande endring for den andre.

- Her speler fôrråvarene ein stor rolle, nivåa kan variere mykje mellom dei ulike fôrråvarene og mellom ulike geografiske områder.

Ho er usikker på kvifor nivåa av PCB 6 er høgare i 2014 og 2015, enn dei i var i 2012 og 2013.

- Men det kan gjerne skuldast god tilgang på ei råvare med relativt høgt innhald av PCB-6. Vi følgjer med for å sjå om dette er årlege svingingar eller om det er ein trend, seier ho.