Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran skal lage stortingsmelding om dyrevelferd. - Om vi ser på havbruksnæringa, så har ho vore i ei rivande utvikling, og vår ambisjon er å levere meir klimavennleg sjømat til ei verd som treng meir mat. No må forvaltninga hengje med, seier fiskeri- og havminister Skjæran. Foto: NFD.
Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran skal lage stortingsmelding om dyrevelferd. - Om vi ser på havbruksnæringa, så har ho vore i ei rivande utvikling, og vår ambisjon er å levere meir klimavennleg sjømat til ei verd som treng meir mat. No må forvaltninga hengje med, seier fiskeri- og havminister Skjæran. Foto: NFD.

Regjeringa varslar stortingsmelding om dyrevelferd

Landbruks- og matminister Sandra Borch og fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran skal lage ei eiga stortingsmelding om dyrevelferd, melder NFD. 

Publisert

Regelverk om dyrevelferd skal byggje på oppdatert kunnskap om velferd for dyra. Ei stortingsmelding om dyrevelferd vil gjennomgå status når det gjeld kunnskap om velferd hos dei dyra som lova gjeld for. Både i Noreg og resten av Europa har forbrukarane auka merksemd på korleis dyr blir handsama.

- I arbeidet med meldinga vil vi sjå nærare på utviklinga i norsk husdyrproduksjon og på all kunnskapen vi nå har om dyrevelferd. Vi vil vurdere om det er naudsynt  å foreta endringar for å sikre eit betre regelverk, seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) i ei pressemelding.

Meldinga vil ta for seg alle dyreartar, også kjæledyr og fiskeoppdrett.

- Mat er ein av dei mest verdifulle ressursane våre. Verda treng meir mat, og vi må sjå på korleis havbruksnæringa kan bidra til dette, samtidig som vi reduserer klimagassutslepp, minimerer negative miljøkonsekvensar og får betre dyrevelferd. Dette er eit viktig arbeid vi skal gjere i lag, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

To tiår sidan dyrevelferd vart vurdert sist

Sidan førre stortingsmelding om dyrevelferd vart behandla, har det komme ny kunnskap om behova til dyra og den naturlege åtferda deira, og om korleis stress og ytre påverknad endrar åtferd og veremåte.

-Det er 20 år sidan sist vi hadde ein samla gjennomgang og svært mykje har forandra seg på desse åra. Med ei ny stortingsmelding løftar vi problemstillingar knytte til dyrevelferd både fagleg og politisk, seier landbruks- og matminister Borch.

-Om vi ser på havbruksnæringa, så har ho vore i ei rivande utvikling, og vår ambisjon er å levere meir klimavennleg sjømat til ei verd som treng meir mat. No må forvaltninga hengje med, seier fiskeri- og havminister Skjæran.

Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet skal samarbeide med andre relevante departement, med sikte på å legge fram ei melding for Stortinget i 2024.