På Lokaliteten Mælen i Sunnhordland har Alsaker skilt som står på både tysk og norsk gjeldande kor nærme folk kan fiska ved anlegget, likevel har vågale fiskarar sneke seg inn på merdkanten å fiska. Foto: Alsaker konsernet.

Fekk tjuvfiskarar på merdkanten - Dette skjer kvart år

Kvinnherad Lensmanskontor måtte tysdag rykke ut grunna tjuvfiske ved eit oppdrettsanlegg, og varslar no fleire sporadiske uttrykkingar i områda ved anlegga. - Vi ynskjer at utrykkinga skal vera til skrekk og åtvaring for dei som driv med ulovleg fiske, for me treng ikkje meir rømt fisk i Hardangerfjorden, seier politiet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det var på lokaliteten Mælen på Borgundøy tjuvfiskerane hadde teke seg til rette ved ein lokalitet tilhøyrande Alsaker Fjordbruk.

- Me fekk tips om at nokre uvedkommande stod på merdkanten vår å fiska, derfor gav me beskjed til politiet og dei rykka raskt ut, fortel driftssjef Øystein Brekke i Fjellberg Fjordbruk til kyst.no.

Øystein Brekke, driftssjef for Fjellberg lokalitetene til Alsaker-konsernet er oppgitt over tjuvfiskerar som fiskar for nær oppdrettsanlegga deira. Foto: Alsaker Fjordbruk.

Han fortel at dette har vore eit stort problem i fleire år, og dei har allereie i år fått fleire beskjedar om tyske turistar som fiska nær og ved oppdrettsanlegga deira på Fjellberg og ellers i kommunen.

- Dette har vore eit problem for oss i fleire år, der turistar legg båten til på merdkanten og fiskar direkte oppi merda, seier Brekke.

Politiet fekk rapportar om nokon som fiska like ved eit oppdrettsanlegg, men då båten kom fram var tjuvfiskarane vekk.

Til skrekk og åtvaring

Kvinnherad lensmannskontor fekk melding om hendinga klokka 18.45. Det var lokalavisa Grenda som fyrst omtalte saka.

- Saman med personar frå oppdrettsselskapet, rykte me ut i båt for å sjå etter gjerningspersonane. Men tjuvfiskerane stakk av før me kom, fortel politibetjent Torgeir Fosse til kyst.no.

Denne typen hending er ikke noko nyheit for politiet, og Fosse seier at dette er noko dei vil slå hardt ned på framover.

- Me har i fleire år fått anmeldelser og tips der særleg tyske turistar har fiska nær og ved oppdrettsanlegg i kommunen, sier Fosse.

Les også:  Tjuvfiske fra merd-Organisert kriminalitet

- Dette skjer kvart einaste år og dei tenkjer ikke på at dei kan øydelegge merdene når dei køyrer såpass nærme. Propellane kan eksempelvis føre til skader på nøtene og føre til potensielle rømmingar, så dette er noko me skal følgje opp. Vi ynskjer at utrykkinga skal vera til skrekk og åtvaring for dei som driv med ulovleg fiske, for me treng ikkje meir rømt fisk i Hardangerfjorden, legg han til.

Tysdag kveld måtte politiet hiva seg i båten og reise ut til lokaliteten Mælen/Burgundøy på Fjellberg, der uvedkommande hadde tatt seg godt til rette og fiska direkte inni merda til Fjellberg Fjordbruk. Illustrasjon: Google maps.

Politiet kjem til å ha fleire sporadiske uttrykkingar i områda rundt oppdrettsanlegg i Hardangerfjorden, i følgje politibetjenten.

- Så tjuvfiskerane må ikkje føla seg for trygge på merdkanten, seier han til kyst.no.

Måtte sende ut dykkarar

- Etter hendinga på tysdag har selskapet vert nødt til å sende dykkarar rundt merda for å sjekke om det har skjedd nokre skader på nota. Dette kan bli svært kostbart for oss, og er ikkje noko kjekt. Dette har me no politianmeldt, seier Brekke.

Han fortel også at det er fare for sjukdomspreiing, då dei ikkje veit kor dei uvedkomande har vore eller kva hygiene dei har når tar seg inn på merdkanten, og visar til at reglane for fiske er 100 meter frå anlegga og all ferdsel med båt 20 meter.

Selskapet ynskjer no tips, dersom folk ser ferdsel fra uvedkommande på merdkanten eller nær oppdrettsanlegg. 

- Vi oppfordrar alle som ser uynskja personar på merdkanten om å ta kontakt med selskapet sin kontaktperson, eller politiet, seier Brekke.

Oppdrettarar har vorte nøyd til å setja ut skilt for å prøve å unngå tjuvfiske ved merdkanten. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.