Illustrasjonar av det nye fabrikkområdet til Salma/Bremnes Seashore. Foto: Sindre A. Habbestad/Bremnes Seashore

Bremnes Seashore bygger ny SALMA-fabrikk

Styret i Seashore-konsernet har vedteke å bygga ny kjølehall og foredlingsavdeling på til saman 14 000 m2 ved selskapets fabrikk i Kvednavikjo i Bømlo kommune. 

Publisert Sist oppdatert

- Utbygginga vil gjera oss i stand til å produsera større volum ved å nytta topp moderne og berekraftige produksjonsmetodar, samstundes som me aukar verdiskapinga og ringverknadene frå drifta vår. Me vil leggja vekt på framtidsretta og berekraftige løysingar for energieffektiv produksjon, melder selskapet i ei pressemelding. 

- Me har utvikla marknadsleiande merkevarer i SALMA og BÖMLO. No ser me at forbrukarane etterspør meir foredla produkt, og det skal me levera. Den nye fabrikken gjer oss i stand til å foredla betydeleg større volum enn i dag, samtidig som me skal utvida talet på produkt. Forbrukarar over hele verda kan derfor snart sjå fram til fleire kvalitetsprodukt frå Bremnes Seashore, Salmon Brands og Sjór, seier administrerande direktør Einar Eide.

Illustrasjonar av det nye fabrikkområdet til Salma/Bremnes Seashore. Foto: Sindre A. Habbestad/Bremnes Seashore

- Sidan 1992 har fabrikken i Kvednavikjo vore eit laboratorium for kvalitetsforbetring og nyskapande produkt, noko som er grunnlaget for dei sterke merkevarene våre. Med denne utbygginga vil me ta nye steg i forskings- og utviklingsarbeidet. Samstundes vil me skapa ein enda betre arbeidsplass for våre tilsette, seier fabrikksjef Geir Ivar Ådnanes.

Full produksjon i heile byggeperioden

Utviklingssjef Simon Nesse Økland i Bremnes Seashore. Foto: Peter Tubaas/Vestland Media

Fyrste steget er bygging av ny kjølehall, før dei går i gong med ny foredlingsavdeling. Utbygginga skal bidra til auka kapasitet og sikra selskapet ein meir berekraftig produksjon. Prosjektet har ei ramme på over 400 mill. kroner og vil etter planen stå ferdig innan utgangen av 2023. Fabrikken skal ha full produksjon i heile byggeperioden.

Foredling av laks påpeiker dei gjev betre utnytting av råvara, og fører til at berre det foredla produktet blir transportert til kundane. Med den nye fabrikken vil selskapet nytta råvareressursane betre ved at dei foredlar ein større del av lakseproduksjonen deira, men også fordi dei skal utvikla foredla produkt frå større delar av fisken.

- Bremnes Seashore meiner me må foredla meir av laksen lokalt i Noreg, og me skal ta vår del av ansvaret for å styrka grunnlaget for verdiskaping, arbeidsplassar og ringverknader. Skal me få auka foredling hos oss og i Noreg treng me ei produksjonsregulering gjennom året som sikrar føreseieleg tilgang til råvarer. Gjennom utbygginga vil me gje arbeid til lokale og regionale leverandørar. Me vil også legga til rette for samarbeid med andre aktørar, seier utviklingssjef Simon Nesse Økland.