Hummer. Foto: fiskeridirektoratet

Ingen spor av lusemidler i død hummar

 - Det er ikkje sannsynleg at avlusing av oppdrettslaks var årsaka til at hummarane i samlekassene i Øygarden døde. Det er vår konklusjon etter at det er gjennomført grundige analysar og modellsimulering, skriv Fiskeridirektoratet.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det vart ikkje funne spor av lusemidlar i analysene av hummaren, og modellsimuleringa som vart gjennomført for å anslå spreiinga av lusemiddel, viser at det er lite sannsynleg at utsleppet av lusemidlar er årsaka til at hummaren døde.

Bakgrunn

Laurdag 7. november fekk Fiskeridirektoratet melding om at all hummaren i to samlekister i Breiviksundet i Øygarden var funne døde. Samlekistene var plasserte om lag 100 meter frå kvarandre på 4-5 meters djup, og var siste gong sjekka av eigarane onsdag 4. november.

Fredag 6. november vart det gjennomført ei avlusning med badebehandling i presenning på ei av merdane på eit akvakulturanlegg ein kilometer frå samlekassene. Midla som vart brukte var ein kombinasjon av virkestoffa deltametrin (Alfa Max) og azametifos (Trident).

Representantar frå Norges Miljøvernforbund hadde henta det meste av hummaren då Fiskeridirektoratet kom til staden, men vi fekk ni frosne eksemplar av hummaren. Desse vart sende til NIFES og Havforskingsinstitutttet.

Kva viser NIFES sine analysar?

NIFES fekk gjennomført analyser for alle restar av lusemiddel hos Eurofins Foods & Feed Testing Norway. Resultatet frå analysene viste at alle prøver og alle stoff var under den aktuelle kvantifiseringsgrensa (LOQ). Det var heller ingen indikasjonar på at desse stoffa førekom i konsentrasjonar under kvantifiseringsgrensa. Alle prøvene var også under gjeldande grenseverdi for fisk (Maximun Residue Limit, MRL).

På bakgrunn av dei utførte analysene er det ikkje mogeleg for NIFES å konkludere i spørsmålet om lusebehandlinga forårsaka at hummaren døde.

Kva viser Havforskingsinstituttet si modellsimulering?

Havforskingsinstituttet gjennomførte ei modellsimulering av spreiinga av lusemidlane frå akvakulturanlegget basert på data, som straum- og vindforhold, frå Meteorologisk institutt. Modellen tar berre omsyn til spreiings- og fortynningseffekten, og ikkje til eventuell reduksjon i konsentrasjonen som følge av nedbrytinga av medikamenta.

Tidspunktet for utsleppet av lusemidlane frå oppdrettsanlegget var klokka 15.00 fredag. Modellsimuleringa viste at høgste konsentrasjon ved samlekassene på 5 meters djup ville vere etter cirka 30 timer, det vil seie klokka 21.00 lørdag kveld.

Ifølge modelleringa er det altså lite sannsynleg at utsleppet av lusemidlar er årsaka til at hummaren døde.