Fiskeridirektoratet fekk melding om rømming fredag 20.12 fra Lingalaks sitt anlegg Bergadalen i Kvam herad. Illustrasjon: Barentswatch

Rømming i Hardanger

Fiskeridirektoratet melder at dei fredag fikk ei melding om rømming frå ein Lingalaks-lokalitet i Hardanger.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Rømminga skjedde frå selskapets lokalitet Bergadalen i Kvam herad.

- Ifølgje selskapet vart det fredag oppdaga ei flenge i nota under ROV-inspeksjon, skriv Fiskeridirektoratet.

Rømmingsomfanget er ikkje klarlagt, men oppdrettslaksen i anlegget har ei snittvekt på 3-4 kg. Selskapet har ute gjenfangstgarn, og har i løpet av helga gjenfanga 7 laksar.

- Fiskeridirektoratet har òg fått inn tips frå andre om fangst av rømt oppdrettslaks i denne storleiken i området, legg dei til.

Ynskjer fleire tips

For å få eit bilete av omfang og spreiing ynskjer Fiskeridirektoratet fleire tips frå publikum om fangst av rømt fisk i området.