Fiskeridirektoratets Miljøpris gjekk denne gong til avtroppande sjef Geir Helge Johnsen i Rådgivende Biologer. Stand-in Linn Eilertsen som er ny dagleg leiar i selskapet mottok prisen på vegne av Johnsen som var på velfortent ferie. Foto: Vidar Alfarnes.

Miljøprisen gjekk til Geir Helge Johnsen

Fiskeridirektoratets Miljøpris gjekk denne gongen ikkje til eit selskap, men til ein enkelt person. Den avtroppande sjefen i Rådgivende Biologer Geir Helge Johnsen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fiskeridirektoratets Miljøpris vart utdelt den fyrste dagen av Aqua Nor i Trondheim, og gjekk til Geir Helge Johnsen som inntil første august var dagleg leiar i selskapet Rådgivende biologer AS i Bergen. Johnsen er i dag ansvarleg for fagområdet vatn i same selskap.

Prisen vart utdelt av fiskeridirektør Liv Holmefjord og statsekretær Roy Angelvik. Diverre var heidersgjesten på ferie, så den nye daglig leiaren i Rådgivende biologer Linn Eilertsen måtte fungera som stand-in og tok i mot prisen.

Geir Helge Johnsen fekk årets miljøpris av Fiskeridirektoratet 2017. Foto: Rådgivende Biologer.

På vegne av Johnsen fortel ho at han vart gledeleg overraska av tildelinga.

- Det har vore ei fantastisk utvikling å ha fått vore med på dei siste 40 åra, meina prisvinnaren.

Direktoratet skriv at prisen går til Geir Helge Johnsen fordi han er ein gründer og pionær, og har vore leiar i Rådgivende biologer i 22 år.

- Gjennom sitt virke som dagleg leiar i Rådgivende biologer har Geir Helge Johnsen satt sitt preg på utviklinga av norsk akvakultur.

- Geir Helge Johnsen har bidratt betydeleg til utviklinga av den miljøkompetansen som både forvaltning og næring har hatt bruk for – ikkje minst for at næringa har kunne vekse fram mot det den er i dag, seier fiskeridirektør Liv Homefjord.

Rådgivende biologer AS vart etablert i 1987 og vaks fram frå det gryande og innovative biologimiljøet knytt til akvakultur – ved Universitet i Bergen.

Relevant kunnskap

- Tilgong på relevant kunnskap har vore heilt avgjerande for framveksten av norske oppdrettsnæring, seier Holmefjord.

Oppdrett i Norge, spesielt av laks og aure, har nærast vakse fram frå småskalaproduksjon på byrjinga av 70-talet til milliardindustri i dag.

Kunnskapen som er hovudårsaka til dette omfattar både teknologi og naturvitskap – ikkje minst biologi – læra om den levande naturen.

I statuttane til miljøprisen står det at «Fiskeridirektoratets Miljøpris går til innsats som har ført til eller kan gi økt miljøgevinst». Arbeidet som Geir Helge Johnsen har stått i spissen for har gitt stor miljøgevinst for norsk oppdrett.