En av Sulefisk sine lokaliteter i Solund. Foto: Linn Therese Skår Hosteland

Fylkesmannen rår sterkt frå permanent løyve til oppdrettsanlegg i Solund

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane melder at dei rår sterkt i frå oppdrett på lokaliteten Juvika, mellom anna på grunn av fiskesjukdommar i området.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fylkesmannen skriv:

- Sulefisk AS fekk mellombels løyve til å etablere anlegg for oppdrett av matfisk av laks, aure og regnbogeaure på lokaliteten Juvika i Solund kommune i 2008. Løyvet var gyldig fram til 31.12.2015. Fylkesmannen rådde også den gong frå at det vart gitt løyve til oppdrett i Juvika. Årsaka til at det berre vart gitt mellombels løyve, var ein hekkeplass for ein norsk ansvarsart nær anlegget. Juvika har vore ein av dei hekkeplassane som har vore i lengst samanhengane bruk av arten i sørlege delar av Sogn og Fjordane.

- Då anlegget vart utplassert i 2008-09, skjedde dette mindre enn 200 meter frå reirplassen. Av naturlege årsakar måtte fuglane finne ny reirplass på om lag same tid, men dei valte då å etablere seg lenger borte frå anlegget, sjølv om dei beste hekkeplassane ligg nær anlegget. Når dei vel å gjere dette meiner vi at oppdrettslokaliteten har forstyrra fuglane. Vi har ikkje informasjon om hekkesuksessen til fuglane etter at dei flytta, men fryktar at ungeproduksjonen kan ha gått ned på grunn av ein i utgangspunktet dårlegare reirplass.

- Belastninga av fiskesjukdommar og lus på vill anadrom fisk i området rundt anlegget har også blitt forverra sidan 2008. I tillegg til mykje lus i Solund, har Juvika og seks andre anlegg i utløpet av Sognefjorden fått påvist fiskesjukdomen pankreassjukdom (PD) i 2015. På grunn av lusesituasjonen og PD rådde Fylkesmannen 29.05.2015 frå utviding og flytting av lokaliteten Portevika, som også ligg i ytre del av Sognefjorden.

- Vi meiner det ikkje er akseptabelt med fiskeoppdrett i Juvika med tanke på sjukdomssituasjonen i ytre Sognefjord, og nærleiken til ein sårbar art.