I ein rapport foreslås det 28 nye reguleringsområde for lakselus

Foreslår å utvide frå 13 til 28 område

– Det vil gjere det enklare å hindre lakselus-smitte til villfisk, meiner Havforskingsinstituttet.

Publisert Sist oppdatert

– Då kysten vart delt inn i 13 produksjonsområde, var målet å lage ei inndeling med lite luse-smitte på tvers av grensene, seier forskar Pål Næverlid Sævik i ei nyheitssak på HI.no

No har fokuset endra seg. 

– Havbruksmeldinga frå i fjor har staka ut kursen for eit nytt system som skal regulere utslepp av lakselus. Her er smitte frå oppdrettsanlegg til villfisk i fokus. Dermed treng vi ei anna inndeling av områda enn før, seier forskaren. 

Forslaget frå forskarane er basert på naturfaglege omsyn. Når styresmaktene behandlar saka, kan dei inkludere andre omsyn slik at områda vert endra i forhold til forslaget. 

Samarbeid bak vurderinga 

Utslepp av lakselus frå oppdrettsanlegg som smittar villfisk er ei stor, negativ miljøeffekt frå næringa, meinar HI.

– Dei nye modellresultata våre viser at det kan vere enklare å regulere desse utsleppa dersom områda vert mindre enn dagens 13 produksjonsområde, seier Sævik. 

Saman med kollegaer frå NINA og Havforskingsinstituttet har han i detalj sett på korleis lakselus spreier seg ut frå oppdrettsanlegg, og korleis spreiingsmønsteret overlappar med områda der villfisken er.

Arbeidet er oppsummert i rapporten Forslag til reguleringsområde for lakselus (Rapport frå havforskinga 2026–28. Sjå også hovudrapporten: Råd om akseptabelt utsleppsnivå av lakselus (Rapport frå havforskinga 2026-36) og tilhøyrande nyheitssak: Lusekvote: Mengda lus må ned, kor mykje avheng av teknologival.

Områda må vere både små og store nok 

Heilt konkret er rådet frå forskarane å dele kvart av dei noverande 13 produksjonsområda inn i 1–4 reguleringsområde. Til saman foreslår forskarane å opprette 28 område. 

I arbeidet har dei hatt fokus på to punkt som er til dels motstridande. 

For det første bør områda helst vere så einsarta at det ikkje spelar noko rolle kvar i området utsleppa av lus skjer. Dette er enklast å få til dersom områda er små.

– Produksjonsområda vi har i dag er så store at flytting av utslepp innanfor området, for eksempel frå ein fjord til ein annan, kan få store følgjer for villfisken, seier Sævik. 

For det andre bør det ikkje vere for mykje transport av lakselus på tvers av områdegrensene.   

– Vi vil framleis at mesteparten av lusesmitten skal vere intern, det vil seie at smittetrykket på villfisken i eit område i hovudsak kjem frå anlegga i same reguleringsområde. Dette lar seg vanskeleg kombinere med svært små område, sidan lakselus kan drive over store avstandar før dei festar seg på fisk.

Då forskarane la saman dei to punkta, landa dei på inndelinga i 28 reguleringsområde. 

– Dette er eit kompromiss, det er ikkje den beste løysinga for nokon av dei to punkta, men resultata viser at det vil bli enklare å nå miljømålet med den nye inndelinga samanlikna med den gamle, seier Sævik.