Forskarane anbefaler at det også framover skal teljast vaksne holus på oppdrettsfisken – og det er dette forskarane har tatt utgangspunkt i når dei har gjort sine berekningar.

Fem forskingsinstitusjonar:
– Mengda lus må ned

Havforskningsinstituttet (HI) har no levert si rapport til Nærings- og fiskeridepartementet med råd om akseptabelt nivå av lakselusutslepp.

Publisert Sist oppdatert

For å nå målet frå Havbruksmeldinga om under 10 prosent dødelegheit på villfisk som følgje av lakselus, må talet på lus frå oppdrettsnæringa ned. 

I ei nyheitssak på HI.no skriv Havforskningsinstituttet at dette kjem fram i eit samla naturfagleg råd der forskarar frå fleire norske forskingsmiljø har sett på kva som er eit akseptabelt utsleppsnivå av lakselus frå oppdrettsnæringa. 

Ny rapport om utslepp av lakselus

Er bestilt av Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). 

Arbeidet med rapporten blei leia av Havforskingsinstituttet, fleire andre forskingsmiljø har bidratt: 

  • NINA 

  • Norce 

  • Veterinærinstituttet 

  • Universitetet i Bergen 

  • Sintef 

I havbruksmeldinga står det at akseptabel miljøpåverknad frå akvakultur skal vere under 10 % døyelegheit på vill laksefisk frå lakselus åleine. Dette tilsvarar dagens grøne lys i trafikklys­systemet. 

Rapporten gir eit samla natur­fagleg råd om kva som er eit akseptabelt utsleppsnivå av lakselus frå oppdrettsnæringa, basert på at målet i havbruksmeldinga skal bli oppnådd. 

Lusekvote: 

I rapporten har forskarane brukt det dei kallar akseptabelt lusenivå i oppdrett. Dette er tenkt som ei maksimumsgrense for talet på vaksne holus i anlegga, og er dermed ikkje ein kvote i tradisjonell forstand der kunne ha valt sjølv kva tidspunkt og kor mykje lus ein til ein kvar tid ville sleppe ut.

I utgangspunktet har det vore snakk om å innføre ei utsleppskvote på luselarvar, omtala som lusekvote, men forskarane anbefaler at det også framover skal teljast vaksne holus på oppdrettsfisken – og det er dette forskarane har tatt utgangspunkt i når dei har gjort sine berekningar. 

– Det vil vere meir føreseieleg for oppdrettarane å telje vaksne holus, enn å berekne utslepp av luselarvar, noko dei må om dei får tildelt ei utsleppskvote. I tillegg trur vi det vil vere enklare å handheve utsleppsnivå basert på holus enn på luselarvar, seier forskingssjef Mari Myksvoll som har leia arbeidet med det nye rådet. 

Strekninga Vestlandet – Trondheimsfjorden er verst 

Råda frå forskarane gjeld laks og sjøaure. Grunna litt ulik levemåte, har desse artane ulik tolegrense – dermed er også rådet litt ulikt mellom dei to artane. 

For laks må mengda lakselus reduserast på heile strekninga frå Vestlandet og nordover til og med Trondheimsfjorden. Lenger nord er dagens nivå av lus under grensa når det gjeld laks for dei aller fleste åra.

Når det gjeld sjøaure, må nivået av lus reduserast kraftig langs heile kysten unntatt heilt sør og nord. 

Kvifor toler laks og sjøaure ulik mengde? 

Sjølv om både villaks og sjøaure veks opp i elvane og vandrar ut sjøvatn for å bli vaksne, har dei så ulik livssyklus at lakselus rammar dei ulikt. 

– Dei store mengdene av lakselus er først og fremst i områda med mykje oppdrett. Her oppheld villaksen seg berre i kort tid, medan sjøauren kan bli i same område i lengre tid, seier Myksvoll. 

Samanlikna med sjøauren har laksen ein fordel når det gjeld kor utsett dei er for lakselus: laksen sym forholdsvis raskt frå elva, gjennom lusebeltet og ut i havet som ungfisk. Den kjem først tilbake til kysten når den er kjønnsmoden. Sjøauren derimot, oppheld seg i fjordane og langs kysten i fleire veker. Akkurat på same stad som lusene også er. 

– Dermed er sjøauren ofte meir utsett for lus enn det villaksen er sjølv om den har mogelegheit til å svømme tilbake til elva.

Tala over kor mykje lus som er akseptabelt for dei to artane, viser kor ulik tolegrensa er: 

For laks varierer medianverdiane for akseptabelt lusenivå i dei ulike produksjonsområda frå omtrent 0,9 til 4 millionar vaksne holus til ei kvar tid. Tilsvarande nivå for sjøaure er betydeleg lågare, frå rundt 0,08 til 1,25 millionar holus. 

Årsaka til at ulike produksjonsområde har ulikt akseptabelt nivå, er at resultata viser tydeleg at det akseptable lusenivået varierer mellom ulike geografiske område og mellom år.

– Slike variasjonar skuldast både biologiske forhold, som utvandringstidspunkt, og fysiske forhold som temperatur og straum, seier Myksvoll. 

Alle modellane kjem til omtrent same resultat 

Fleire av forskingsmiljøa som er med på den nye rapporten, har eigne modellar som viser korleis lakselus spreier seg frå oppdrettsanlegga og fram til dei festar seg på villfisk. Desse modellane er brukt inn i arbeidet med rapporten for å kunne gje eit felles råd.

– Trass i mellomårlege variasjonar, så er modellane relativt samstemte i hovudkonklusjonane, seier Myksvoll.

Strategiske tiltak og tilpassingar kan hjelpe 

Sjølv om modellane viser at mengda lus må reduserast kraftig i dei mest oppdrettsintensive områda, peikar forskarane også på ei anna løysing. 

– Noko av problemet med lakselus kan løysast ved strategiske tiltak og tilpassingar av dagens lokalitetsstruktur. Dersom ei slik tilnærming er vellukka, kan truleg det akseptable nivået av lakselus vere noko høgare enn det vi har anbefalt i rapporten, seier Myksvoll. 

Akkurat kva som er akseptabelt nivå av lakselus, varierer naturleg år for år. 

– For eksempel påverkar vêret og temperatur korleis lakselus blir spreidd utover i naturen. 

Samtidig er det knytt usikkerheit til nokre av føresetnadene i modellane.

– For å redusere usikkerheita i modellane, er det spesielt viktig med god kvalitet på teljing av lus og mengda fisk i oppdrettsanlegga, seier Myksvoll.

I tillegg kjem usikkerheit knytt til biologiske faktorar som utvandringstidspunkt, utvandringsruter og grenseverdiar for kor mykje lus ein fisk toler før den døyr. 

Foreslår å dele kysten i 28 reguleringsområde 

Forskarane meiner også at det bør vurderast om produksjonsområda som blir brukt i dag er for store, og at ei slik vurdering bør gjerast i samband med overgang til ny luseregulering. Derfor har forskarane også lagt fram eit forslag om å dele kysten inn i 28 reguleringsområde.

– Det er viktig å merke seg at dette forslaget berre er basert på naturfaglege omsyn, styresmaktene kan også inkludere andre omsyn når dei behandlar saka slik at utforminga av dei ulike områda kan bli endra, seier Myksvoll. 

Les meir om dei føreslegne reguleringsområda.

Referanse

Mari Skuggedal Myksvoll, m.fl., Råd om akseptabelt utsleppsnivå av lakselus. Rapport frå havforskinga 2026–36.

Vedlegg til hovudrapporten: 

Ingrid Askeland Johnsen, m.fl., Akseptabelt utslepp av lakselus innanfor miljømå. Rapport frå havforskinga 2026–37.    

Pål Næverlid Sævik, mf.fl, Forslag til reguleringsområde for utslepp av lakselus. Rapport frå havforskinga 2026–28.    

Samanheng lusemengde i oppdrettsanlegg og luseindusert dødelegheit hos postsmolt av villaks. Veterinærinstituttet.   

Ingrid Helene Ellingsen & Øyvind Knutsen (2026). Beregnet utslepp av lakselus som tilfredsstiller miljømålet om 10 % dødelegheit hos vill laksefisk. SINTEF Ocean AS.

Agnes Holstad, m.fl. Utslippsnivå av lakselus for sjøaure med miljømål om grønt lys (Report No. 2783). Norsk institutt for naturforsking (NINA).