Bileta viser området der oppdrettsanlegget til  World Heritage Salmon er planlagt. Det er markert med to raude ringar i kartet til høgre. Bileta er henta frå planprogrammet
Bileta viser området der oppdrettsanlegget til  World Heritage Salmon er planlagt. Det er markert med to raude ringar i kartet til høgre. Bileta er henta frå planprogrammet

Plasseringa av det landbaserte anlegget uroar Statsforvaltaren mest

- Etablering og drift av oppdrettsanlegget vil virke inn på miljø, landskap og verdsarv. Vi fryktar skadelege langtidseffektar på Storfjorden, seier direktør Linda Aaram hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Publisert

Roger Hofseth kjøpte i sommaren 2020 gjennom hans private selskap, RH Investments ei nedlagt olivingruve i Sunnylvsfjorden i Møre og Romsdal. Her planlegg Hofseth Aqua-sjefen å bygge eit unikt landbasert anlegg som skal kunne produsere opp mot 100 000 tonn fisk i året. Selskapsnavnet er World Heritage Salmon, og anlegget ligg på grensa til verdensarvområdet til Geiranger.

Les også: Kan produsere opp mot 100 000 tonn i fjellhall

På Statsforvalteren i Møre og Romsdal si nettside kjem det fram at saman med Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fremmer Statsforvaltaren motsegn mot områdeplanen for det planlagde landbaserte oppdrettsanlegget i Raudbergvika. Det er plasseringa som uroar Statsforvaltaren mest.

Bør vurdere alternative areal

Linda Aaram er direktør på miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Linda Aaram er direktør på miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Foto: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

- Det føreligg inga vurdering av reelle alternative areal for lokaliseringa av anlegget. Eit slikt alternativ må famne om eit større geografisk område enn berre Storfjorden, seier Aaram. 

Statsforvaltaren meiner at plasseringa av eit så stort anlegg burde vere resultat av ei overordna vurdering av alternative areal.

- Ei anna plassering, nærare ope hav, kunne gitt mindre usikkerheit for miljøkonsekvensar for fjorden. Om plasseringa ikkje var så tett på verdsarv og vernområder, ville ho også utfordra internasjonale og nasjonale verdiar i mindre grad, seier Aaram.

Ho legg til at Raudbergvika er utsett for flodbølgje, noko som vil krevje ekstra beredskap. Ei anna plassering ville dessutan kunne gitt lettare tilgang til straum og vatn.

Fryktar å skade fjorden

Om områdeplanen og anlegget:

  • Områdeplan for landbasert oppdrettsanlegg på Raudbergvika- Eidsdal er sendt på høyring og lagt til offentleg ettersyn.
  • Reguleringsplanen skal legge til rette for landbasert oppdrettsanlegg i fjellhallar og tilhøyrande bygningar og støttefunksjonar i dagen i Raudbergvika, og utfylling i sjø med 10 millionar m3 massar ved Eidsdal for å etablere slakteri,  foredlingsanlegg og fryseri. Dei to areala er knytt saman med ein om lag 6-7 km lang tunnel.
  • Det er planlagt produksjon av om lag 100.000 tonn laks årleg og 20 millionar smolt/postsmolt i året. Etter det Statsforvaltaren kjenner til er dette verdas nest største planlagde landbaserte anlegg. Fjellhallane og tunellen er innafor grensa til Vestnorsk fjordlandskap verdsarvområde og Geiranger – Herdalen landskapsvernområde.

Statsforvaltaren skriv i motsegna til høyringa at dei er spesielt usikre på kor store utsleppa til sjø faktisk vil bli, og korleis utsleppa vil spreie seg og virke over tid.

- Mest av alt fryktar vi skadelege langtidseffektar av auka utslepp til sjø inne i Storfjorden, seier Aaram.

Også tidlegare i prosessen har Statsforvaltaren uttrykt uro over kva etableringa av anlegget vil gje av utslepp i Storfjorden. Les meir her …   

- Sidan vi har for lite kunnskap om effektane, må føre-var-prinsippet leggjast til grunn når vi skal trekke konklusjonen om kva verknadar anlegget kan få på økosystema i Storfjorden, seier Aaram.

Ei rekke motsegner

Statsforvaltaren og NVE har ei rekke motsegner til planen. Mellom anna er det ikkje dokumentert at tiltaket er trygt mot flodbølge og ras. Risiko og sårbarheits-analysen er også mangelfull og må kompletterast.