Kelpinor driver med sukkertare oppdrett i Nordland.

Kelpinor har sett ut nye tareliner

Kelpinor driv oppdrett av sukkertare i Nordland, og har store ambisjoner om vekst for selskapet. Her leverar Kelpinor setteplanter til Salten Algae i Skjerstadfjorden. Foto: Kelpinor

I Salten-regionen satsast det enormt på tareproduksjon og Kelpinor har nyleg hjelpt Salten Algae med utsett av dei fyrste tarelinene for året. Ambisjonen til startup-selskapet Kelpinor er nå å hente friske pengar og skalere opp drifta.

Publisert Sist oppdatert

Kelpinor er eit nordnorsk teknologiselskap som driv med tareproduksjon. Med løyve på eit 270 mål havområde, har dei allereie investert i sjøanlegg på 50 000 kvadratmeter, ein fabrikk, eit klekkeri og laboratorier for å realisere målet om storskalering i Norge. 

Selskapet starta produksjonen av stiklingar hausten 2022, og sette i fjor ut 17 000 meter tau med "tarefrø" på to lokasjonar der dei hausta 15 tonn sukkertare. 

Nådde målet med glans

Primus motor og medgründer Hermann Schips fortel til Kyst.no. at målet deira for fyrste sesong var 10 tonn våt biomasse. 

- Dette overgjekk me med glans, då produksjonen fyrste sesong vart på heile 15 tonn tare! Dette svarar til 1-1,5 prosent av all tare som vart dyrka i Europa denne sesongen. Dette fekk me til saman med produksjonspatnarare våre Salten Algae AS og vårt eige løyve, fortel han.

Sjølv om starten ikkje var eit perfekt løp og produksjonen kunne vore langt høgare, meiner han lærdommen var stor.

Hermann Schips, dagleg leiar og gründer av Kelpinor har store ambisjoner for bedrifta.

- Feila me gjorde i fjor har me lært av, og i år er målet våre å selje produkt basert på 100 tonn tare. Som i anna havbruk er det stordriftsfordelane som gjeld, og då må ein tenkte stort frå start. 15 tonn tare er søtt i forhold til kor me skal, seier han med eit smil. 

Selskapet opererer frå tarehovudstaden Våg i Sandhornøya, Gildeskål kommune. 

- Her har me både basecamp kor me lev, klekkeriet for setteplanter, teknologiutviklingslab, dyrkingsriggen og ikkje minst båt. Me er seks tilflyttarar som bur her fulltid og jobbar herifrå.

At dei valte å etablere seg i Nordland var mykje grunna dei gode forhalda og ressursane tilgjengeleg. 

- Det kalde arktiske klimaet vil gje veldig gode vekstforhold for taren, fortel han. 

Selskapet har ståltrua på at det vil vere gunstig å jobbe på liknande vis som laksenæringa har gjort med å dele på lokalitetar og erfaringar.

- Nordland er ein kanon stad å setje i verk nettopp dette, då me er fleire små aktørar som ser fordelane av å spele på kvarandre sine styrker.

Har satsa for fullt

Kelpinor har utspring frå NTNU Trondheim, der målet til gründerane er å vekke interessa til investorar og andre som har løyve til å dyrke tare på.

- Vår visjon er å mogleggjere den klimanøytrale framtida gjennom dyrka tare. Det veldig få i Noreg veit, er at taredyrking er verdas største akvakultur - ikkje laks. Kelpinor skal byggje opp Noreg sitt bidrag i denne næringa, fortel Schips.

Gründerane som står bak selskapet, har ikkje berre starta ei ny verksemd, dei har også valt å flytte og etablere seg ein heilt ny stad.

- Me er ein veksande gjeng som er einige om at me skal kunne sjå barnebarna våre i auga og seie at me er dei som faktisk gjorde noko for klimaet, ikkje berre “kunne ha gjort det”, fortel han entusiastisk.

- Enorm slagkraft

Dei er per dags dato seks stykk som jobbar fulltid i Kelpinor, der ei av dei tilsette er på trainee-ordning ut våren. 

På økonomistyring har dagleg leder Hermann Schips med seg Johan Ludvig Holst, som er utdanna bedriftsøkonom, informatikar og forretningsutviklar, og dessutan Christoffer Joys Røang som er utdanna elektroingeniør og forretningsutviklar, og Ole Jørgen Thue Holte med bakgrunn frå bioteknologi og forretningsutvikling. 

Dei har også fått på plass Jakob Kienzler som er utdanna marinbiolog frå Tyskland, med ingeniørmaster innan akvakultur, og dessutan Lydia Schmidt som er marinbiolog.  Sjølv har Hermann fagbrev frå stålindustrien og er utdanna maskiningeniør.

Hausting av sukkertare.
Kelpinor hausta 15 tonn sukkertare i fjor, og har ambisjoner om 100 tonn i år.

Systematisk til verks

Schips fortel at interessa hans for tare har historie heilt tilbake til barndommen. 

- Det var ein gong då eg var liten gut at eg fekk nyss i at tare kunne brukast til “alt”. Det vil seie mat, jordforbetringsprodukt, medisinar, bioplast, kosmetikk - ja til og med softis. I løpet av studietida kom eg over førebileta i Seaweed Solutions frå Trondheim. Dei sa akkurat det same, men då om dyrka tare. Dette ville eg også vere med på, men trengde nokon å gjere det saman med, fortel han. 

Gjennom NTNU’s Entreprenørskule gjekk han systematisk til verks for å kartleggje næringskjeda. 

- Dette for å finne ut kva som skulle til for å dyrke tare, korleis ein kan få selt dette og ikkje minst kven som trengst for å gjere det. I løpet av kort tid fekk eg med meg Christoffer Joys Røang - og me kjøpte opp ein forskingsstasjon for setteplanter (Eukaryo AS). Dermed hadde vi konsesjonar og protokollane for å byrje produksjon, fortel han. 

Berre månadar etter, kom Johan Ludvig Holst med i teamet og før hausten 2022 var omme, var Ole Jørgen Thue Holthe også på plass. 

Ole Jørgen Thue Holthe, markedsføringssjef i Kelpinor er fornøgd med fjorårets hausting.

- I tillegg til eigen innskoten kapital, fekk me i løpet av hausten tileigna me oss rundt 1,4 million i offentleg støtte, 

Støtta kom frå blant anna Equinor, NTNU Discovery, Utanriksdepartementet og Den Amerikanske Ambassade. Dermed var startskotet i gang for bedrifta. 

- På våren 2023 kom Jakob Kienzler flyttande frå Tyskland og blei med oss. Dermed var det ikkje berre norsk naivitet som dreiv oss lenger - men i kombinasjon med tysk presisjon.

- Eit unikt nettverk og kompetanse

Schips seier dei jobbar med fleire prosjekt, kor “Operasjon Gateway” er nemninga på hovudprosjektet. 

- Kort fortalt går dette ut på å oppnå marknadsaksept for sluttprodukta frå taren. Marknadsaksept har me har definert som gjentakande kjøp frå minst to forskjellige aktørar innan juni 2024. Meir detaljert kan eg ikkje gå offentleg med, seier han løyndomsfullt.

Selskapet samarbeider med fleire aktørar på forskjellige felt. 

-  Dette er fordi me er heilt opne på kva me er gode til og kva me treng hjelp med. Når det kjem til produksjon og sjøoperasjonar jobbar me tett med produksjonspartnar Salten Algae AS, som me sjøsette setteplanter saman med no i helga. Desse har tilgang på havbrukskompetanse gjennom deleigarane Wenberg Fiskeoppdrett AS og Edelfarm AS. I tillegg har me ei unik drivkraft gjennom Jarl Hernes Gåsvær i spissen, som også ser heilt og fult på den kommersielle verdien i tare, opplyser han. 

Når det kjem til vidareforedling av den hausta taren, har Kelpinor AS etablert Northern Seaweed Processing AS saman med Pursea AS.

- Dette gjer at ein kan dele på investeringskostnadar, og dessutan sikre ein jamnare tilgang til råvarer for sluttbrukarane av taren. Det er heller ikkje til å stikke under ein stol at det er stas å sparre om store idéar saman med Carl Erik Berwitz-Larsen, som er dagleg leiar der. 

Kelpinor tareliner.

Selskapet har også regionale såkorninvestorar som Salten Invest AS og Sjøfossen Næringsutvikling AS i ryggen. 

- Desse har ikkje berre bidrege med utløysande kapital i selskapet - men også tilgang på eit unikt nettverk og kompetanse. Vidare skal Gildeskål Kommune har stor takk for å ha hjelpe oss med å finansiere oppsett av Våg Smart City. Dette er 20 bueinheiter, bygd for å huse nasjonale og internasjonale talent til regionen, fortel han..

Skalerer opp

Schips seier målet for året er å ha salsinntekter på minimum fire millionar kroner. 

- Dette skal me ha for å bevise ein gong for alle at denne næringa ikkje berre er miljømessig berekraftig, men også økonomisk. Kelpinor skalerer fordi me skal selje produkt basert på 10 millionar tonn tare innan 2033. 

I tillegg til å utvide teamet skal dei også vere med å byggje opp sentral infrastruktur i Gildeskål kommune i året som kjem. 

- Her gler eg meg til å halde lesarane oppdatert i tida framover, seier han avslutningsvis.