Båten bestilt fra Salt Dess og Marine Harvest. Illustrasjon: Kleven.

Marine Harvests - rederi har bestilt sitt første skip

Havbruksrederiet til Marine Harvest og Deep Sea Supply har lagt inn si første bestilling.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kleven melder at de har inngått kontrakt med DESS Aquaculture Shipping, eit joint venture-selskap eigd av Marine Harvest og Deep Sea Supply, om bygging av eit fartøy for slakting og transport av laks frå oppdrettsanlegg til prosesseringsanlegg.

Fartøyet skal leverast frå Myklebust Verft i mars 2018, og er av SALT 425 FHV-design frå Salt Ship Design. Kontrakten inneheld også opsjon på eit fartøy til.

- Det er mykje spennande utviklingsarbeid som skjer innan oppdrettsnæringa, og dette er ein marknad vi ønskjer å vere i, seier konsernsjef Ståle Rasmussen i Kleven.

- Slaktebåt er ein ny fartøytype for oss, og vi ser fram til eit nært og godt samarbeid med reiarlag, designselskap og utstyrsleverandørar på dette prosjektet. Fartøyet passar godt inn i vår profil og byggeprogrammet på Myklebust Verft, seier Rasmussen.

I tillegg til denne slaktebåten har Myklebust Verft fem fiskefartøy til ulike internasjonale eigarar og to brønnbåtar til Sølvtrans i ordreboka.