
Kronikk:
– Praksis er ei investering i framtida
«Mer praksis – betre fiskehelsebiologar» skriv Bertine Kvinen-Lindland i ein kronikk som kom ut på Kyst.no for om lag ei veke sidan. I motsetning til Bertine som går på UiT, går eg sjølv siste året på fiskehelse-akvamedisin studiet ved UiB, og stiller meg bak det ho seier. Det burde jo vere sjølvsagt at vi som går eit femårig profesjonsstudium for å bli fiskehelsebiologar treng praksis for å lære oss korleis den faglege kompetansen vi får i løpet av 5 år på skulebenken faktisk kan brukast på merdkanten?
Grunnen til at eg skriv denne kronikken er fordi eg sjølv har erfart kor viktig det er å kombinere praksis med teori. Sjølv har eg vakse opp i næringa, og etter å ha brukt somrane mine i settefiskhallar og på merdkanten, tok eg i år valet om å søke på midlertidig lisens som fiskehelsebiolog. Trass i skepsis blant aktørar som var usikre på om dei turte å ta meg inn på denne nye og «ukjente» lisensen, var det ei bedrift som ikkje nølte med å ta meg inn som fiskehelsebiolog denne sommaren, sjølv om eg «berre var student».
Det er nettopp dette engasjementet eg saknar. Der ein tek inn studentar for å vise dei både positive, men også meir utfordrande sider ved dette yrket. Kva utfordringar og vanskelege situasjonar ein fiskehelsebiolog kan stå ovanfor. Korleis bør ein tenkje og handle. Men også dei kjekke tinga. Som å få møte nye folk ute i felt. Bli komfortabel med di rolle som ansvarleg fiskehelsepersonell. Dele kunnskap og erfaring med andre. Byggje eit nettverk til den dagen ein skal søke fast jobb. Det er slike erfaringar eg sitt igjen med etter ein sommar som fiskehelsebiolog. Erfaringar eg aldri ville hatt viss ikkje denne bedrifta tok sats og satsa på meg. Slik erfaring er det vanskeleg å tileigne seg på nokon få praksisdagar.
I dag er praksisopplegget ved UiB på 10 dagar i løpet av 5 år. I Tromsø er det 5 dagar. For å setje dette i perspektiv har andre studiar innanfor havbruk, som for eksempel havbruksingeniør, eit krav på minimum 3 veker praksis. Bedriftene som tek i mot studentar frå UiB kan be om 5000 kr i kompensasjon per student. For oss som går fiskehelsestudiet, gir det at enkelte bedrifter tek betalt eit signal om at bedrifter ser på det som ei slags «byrde» å ta i mot fiskehelsestudentar. Som studentar ønskjer vi først og fremst å lære, og treng å få denne sjansen til å oppleve kvardagen som fiskehelsebiolog tett på.
Eg veit at både UiT og UiB jobbar aktivt for å gi oss meir praktisk erfaring. UiB har i år teke sjansen på auke antal dagar i praksis til 20 frå og med neste år. Men dei kan ikkje løyse dette aleine. Her må næringa vere med. Heldigvis har fleire aktørar fått opp auga. Desse er villige til å ta i mot fleire studentar, over lengre periodar. Heilt gratis.
Med denne kronikken håpar eg at fleire bedrifter ser verdien av å følgje denne trenden. Praksis skal ikkje berre komme som eit tillegg til studiet – det er nøkkelen til å utdanne kompetente fiskehelsebiologar som næringa sjølv treng i framtida. Eg håpar fleire bedrifter ser verdien i å satse på studentar, ikkje som ei byrde, men som ein investering i både fiskehelsa og utvikling av havbruksnæringa.
Meir praksis gir betre fiskehelsebiologar – det vil vi alle tene på.