Lys i enden av tunnelen igjen. Sånn kan utseilingen frå Stad Skipstunnel bli seende ut.

Hvem teller vel de tapte slag på denne seierens dag?

Hogne Bleie, fylkespolitikar i Vestland og leiar i Stad FrP, er så glad for at stortingsfleirtalet no er sikra for bygging av Stad skipstunnel at han må sitere salige Bjørnsson.

Publisert Sist oppdatert

– Etter 40 år med iherdig arbeid av mange gode krefter har vi endeleg ei avgjerd, seier han i ei pressemelding frå Stad FrP.

I den roser han Senterpartiet for godt politisk handverk, og dessutan Arbeidarpartiet lokalt og regionalt for å ha vore tydeleg om prosjektet innan eige parti.

Hogne Bleie har kjempa for skipstunnelen helt sidan 80-talet.

Stig Even Lillestøl, stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, er også svært glad, og uttaler at «Det er godt politisk arbeid på tvers av politiske skiljelinjer både i kommunar, i fylka, og på Stortinget som no har gitt oss dette gode resultat

 Bleie påpeikar at ein med denne sigeren må hugse på alle dei som har kjempa for prosjektet sidan ideen kom opp midt på 1980-talet.

Han nemner særleg tidlegare ordførar og stortingsrepresentant Åge Starheim frå Selje, tidlegare ordførar Jan Helgøy frå Vanylven og skipsreiar og tidlegare stortingsrepresentant Per Sævik frå Fosnavåg.

– Det er også mange sentrale tunnelforkjemparar som dessverre ikkje får oppleve Skipstunnelen, seier han og peikar særleg på redningsskøyteskipper Magne Sætren frå Måløy som han kallar ei tydeleg og uthaldande røyst for Stad skipstunnel.

 Hogne Bleie legg til at FrP har kjempa for skipstunnelen heilt sidan han tok opp saka i partiet sitt landsstyre i 1987.

Ein rikspolitikar som tidleg engasjerte seg i saka, og som kom på besøk for å studere prosjektet, var Bjørn Erling Ytterhorn. Han var krigsveteran, offiser i marinen og seinare stortingsrepresentant for FrP frå 1981 til han døde hausten 1987.

Bleie meiner til sist at vi truleg ikkje klarer å sjå rekkevidda og alle dei positive ringverknadane av dette prosjektet enno, og avsluttar i pressemeldinga med å sitere Bjørnstjerne Bjørnsson: «Hvem teller vel de tapte slag på denne seierens dag?»