Om skipstunnelen vert byggja får vi kanskje vite i samband med Stortinget si handsaming av Revidert nasjonalbudsjett i juni 2026.

– Motstand frå teoretikarar som sit langt frå verdiskapinga på kysten

Årsmøtet i Vestland FrP vedtok i helgen ein resolusjon som krev at næringslivet på kysten vert lytta til, og at Stortinget vedtekt å fullføre bygginga av Stad skipstunnel seinare i år.

Publisert Sist oppdatert

– Regjeringa Støre ville hausten 2025 skrinleggje prosjektet utan å la Kystverket sluttforhandle anboda eller å leggje saka fram for Stortinget til slutthandsaming, noko som eit fleirtal samansett av dei borgarlege partia og Senterpartiet overprøvde i Stortinget. Det vert difor truleg lagt opp til eit endeleg vedtak om byggjestart og naudsynte tilleggsløyvingar under Stortinget si handsaming av Revidert nasjonalbudsjett i juni 2026, skriv Vestland FrP i resolusjonen.

Hogne Bleie fremja resolusjonen på Vestland FrP sitt årsmøte.

Resolusjonen blei fremja av Stad FrP, ved Hogne Bleie, eit ikkje ukjent ansikt i havbrukssfæren.

I ein uttale seier han at dette prosjektet har hatt samanhengande støtte frå FrP sidan planane om Skipstunnelen såg dagens lys på 1980-talet.

Stig Even Lillestøl (FrP) er fast medlem av Næringskomiteen på Stortinget.

– Stad skipstunnel er no inne i sin «skjebnetime» før endeleg avgjere på Stortinget til sommaren. Dessverre møter Skipstunnelen motstand frå ulike hald, særleg frå det som eg oppfattar som teoretikarar som sit langt frå verdiskapinga på kysten. Det er difor godt å kunne slå fast at årsmøtet i landets største FrP-fylkeslag med fem stortingsrepresentantar og nestleiaren i partiet, Terje Søviknes i salen, framleis stiller seg fullt ut bak prosjektet, uttaler han i ei pressemelding.

Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane valdistrikt, og fast medlem av Næringskomiteen på Stortinget, Stig Even Lillestøl (FrP), seier vidare i meldinga at det er hans inntrykk at ingen av partia på Stortinget er direkte imot prosjektet, men at «nokre sentrale politikarar ikkje klarer å sjå den nasjonale nytteeffekten gjennom den styrkja konkurransekrafta som Skipstunnelen utvilsamt vil gje næringslivet på kysten.

– Politikarar som forstår næringslivet og tilrettelegging for verdiskaping evnar derimot å vurdere kostnad mot nytteverdien av prosjektet. Det er no avgjerande viktig at alle lag, organisasjonar og lokallag frå alle politiske parti held oppe trykket og forklarer «tvilarane» i Oslo om den store nytteverdien skipstunnel vil få, legg Lillestøl til.