Vestland fylkesting med stort fleirtal for Stad skipstunnel
På møtet i Vestland fylkesting denne veka fremma FrP ei fråsegn retta mot styresmaktene i Oslo der ein krev at Stad skipstunnel no vert realisert. Ved votering vart uttalen vedteken stort fleirtal, berre tre representantar i fylkestinget stemde imot.
I ei pressemelding frå Vestland FrP skriv dei at det var Hogne Bleie og Frank Willy Djuvik som skreiv fråsegna, som formelt vart fremma av gruppeleiar Terje Søviknes, som også er nestleiar i Framstegspartiet nasjonalt.
Les meir om Stad skipstunnel
-
Havbruksnæringa som ny hovudbrukar av Stad skipstunnel
-
– Motstand frå teoretikarar som sit langt frå verdiskapinga på kysten
-
Så mye koster Stad skipstunnel uten moms
-
Mange vil være med å bygge verdens første skipstunnel
-
- Skuffende at dette trekker ut
-
- En 150 år gammel drøm nærmer seg realisering
-
Laks i enden av tunnelen
I generaldebatten la Hogne Bleie vekt å skape ei trygg farlei der ein eliminerer risiko for ventetid før ein passerer Stadhavet. Han viste særleg til fiskeoppdrettsindustrien med mellom anna mange daglege passeringar med brønnbåtar med levande fisk som last.
Dei peiker på at forseinka leveransar til slakteri ved uvêr fører til store meirkostnader, og dessutan følgjetap som forplantar seg vidare i verdikjeda om ferske produkt ikkje når fram til avtala tid.
Bleie la også vekt på at både regjeringspartiet AP og støttepartia til venstre for dei i det politiske landskapet, tidlegare har uttrykt støtte til prosjektet, men derimot er skeptiske til kostnadane.
– Det er grunn til å tru at vi kan få med oss politikarar som er grunnleggjande positive til prosjektet, som «berre» er ueinige om prioriteringar av midlar og regionar, heiter det.
– Eg er særleg nøgd med at vi ei fekk støtte frå eit samla Arbeidarpartiet i Vestland, noko som må vere eit svært sterkt signal til statsminister Støre og regjeringa hans. Siri Sandvik, som også er lokalpolitikar for AP og tidlegare varaordførar i Stad, tala også varmt for prosjektet og fråsegna frå talarstolen, noko som gleda meg stort, seier Hogne Bleie i ein uttale etter møtet
– Vi kystfolk har ein stor jobb å gjere i Oslo fram mot sommaren, då skjebnen til Skipstunnelen truleg vert avgjord ved handsaming av revidert nasjonalbudsjett i Stortinget før sommarferien, legg han til.
Bleie seier til slutt litt spøkefullt at «Vi får då sjå om forhandlingsevnene til Senterpartiet strekk til også denne gongen. Dei har saman med FrP og KrF over tiår vore dei mest uthaldande forkjemparane for Stad skipstunnel».
Slik var vedtaket:
Stad skipstunnel må byggjast!
Det politiske miljøet på Vestlandet har kjempa for ei trygg og stabil farlei gjennom Stadhalvøya sidan midten av 1980-talet. Etter ei lang rekke utgreiingar, drøftingar, gjennomførte reguleringsprosessar, og dessutan erverv og fråflytting av eigedomar, er saka no klar for endeleg vedtak om bygging. Gjennom Kystverket sine sluttforhandlingar med tre kvalifiserte entreprenørar har totalkostnadane dei siste månadane vorte kraftig redusert, og saka vert lagt fram for Stortinget for endeleg handsaming sommaren 2026.
Det viktigaste argumentet for Stad skipstunnel er tryggleik og føreseielegheit for sjøtransporten langs ein av dei mest utsette kyststrekningane i landet. Dette er ikkje berre eit ordinært samferdsleprosjekt, men eit viktig tiltak for tryggleik, beredskap og meir stabile transportliner langs kysten. Når vêret stengjer farleia rundt Stad, skaper det risiko, forseinkingar og unødige kostnader for sjøfarande, næringsliv og transportkjeder. Ein skipstunnel vil difor gi både auka tryggleik og større føreseielegheit.
Stad skipstunnel har ei samfunnsøkonomisk nytte som fullt ut forsvarar prosjektet, særleg når ein legg vekt på tryggleik, beredskap og føreseieleg transport langs kysten. Ifølgje Kystverket aukar nytteverdien om ein tek med gjenbruk av dei utsprengde steinmassane til å realisere andre næringstiltak lokalt. Det same vil gjelde om ein set levetida på tunnelen utover dei 75 åra som ligg til grunn for berekningane.
Stad skipstunnel vil få stor verdi for verksemder langs heile Norskekysten. Næringslivet på kysten representerer stor verdiskaping og bidreg med ein høg del av landet sine eksportinntekter. Eksempel er her verftsindustri, petroleumsutvinning, akvakultur og fiskeri. Dagleg passerer mange brønnbåtar Stadhavet med levande laks på veg til slakting. Forseinkingar i leveransar fører til svært store følgjetap både innanlands og ute i ferskvaremarknaden.
Fylkestinget viser til at eit samla næringsliv med over 550 bedrifter og næringslivsorganisasjonar står bak eit opprop med krav om at ein realiserer skipstunnelen. Både fiskeflåten, landbasert fiskeindustri, hurtigbåtreiarlag, akvakulturnæringa, verkstadindustri og mange fleire næringar stiller seg bak dette oppropet.
Argumenta for å realisere Stad skipstunnel er mellom anna:
- Trygg transport og punktlege leveransar av innsatsfaktorar og ferdige varer
- Redusere uproduktiv tid for reiarlag og kjøparar av transporttenester
- Halde opp eit godt renommé for kystbasert industri som punktlege leverandørar
- Styrke konkurransekrafta på kysten med framtidsretta infrastruktur
- Mindre fartøy kan trygt passere Stadhalvøya på dagar med dårleg vær
- Større skip slepp å gå langt til havs for å passere Stad
- Redusert energiforbruket ved at båtar går i beskytta og smul farlei
- Knyte Vestlandet saman med hurtigbåtforbindelse, som i dag må ende ved Stadhalvøya
- Gje strategisk nytte for marinefartøy i tider med ufred
Vestland fylkesting krev at Stad skipstunnel vert bygd!