NIFES vil ha mer laks på brødskiven. Foto: Helge Skodvin.

Vil øke D-vitamin i laks mot beinskjørhet

Dagens oppdrettslaks har et lavere innhold av vitamin D enn før, fordi det blir brukt mindre marine råvarer i fôret. I et forsøk utført på NIFES, viser det seg at det er mulig å øke vitamin D-nivået i laksen på kort tid, og at det hjelper å spise den.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

-Ved å auke vitamin D-nivået i laksefilet, kan vi auke vitamin D-statusen, og dermed betre beinhelsa, til dei som et den, skriver NIFES i en pressemelding.

Det viser det seg no at det er mogleg å auke vitamin D-nivået i laksefilet i slaktestorleik på kort tid. Men hjelper det å ete den?

– Ja, på lik linje som med kosttilskot, kan vi forbetre vitamin D-statusen vår ved å ete denne laksen. Vel vi fisk framfor kosttilskot, får vi dessutan i oss andre viktige næringsstoff i tillegg, seier NIFES-forskar Jannike Øyen.

Mykje haustvêr, lite D

Vitamin D vert danna i huda, ved hjelp av ultrafiolette strålar frå sola om sommaren, og er mellom anna viktig for beinhelsa vår. No som haustvêret har sett inn, er det ekstra viktig å passe på kva kosten kan bidra med av vitamin D.

Alvorleg vitamin D-mangel var eit meir utbreidd problem i den vestlege verda tidleg på 1900-talet, men er no ganske sjeldan. Likevel viser det seg at ikkje alle får i seg nok av det viktige sol-vitaminet.

– I Noreg er vitamin D-statusen generelt god, spesielt om sommaren. Men fleire studiar har vist at det er store skilnader innanfor befolkninga, fortel NIFES-forskaren.

Eldre og barn får lite

Her i landet er det spesielt eldre, barn og innvandrarar som er utsette for mangel på vitamin D. På sommartid er det i hovudsak institusjonaliserte eldre som får i seg for lite.

– I Noreg produserer vi vitamin D i huda frå mai til september. Resten av året er kosthaldet spesielt viktig for å oppretthalde ein god vitamin D-status, og eit tilstrekkeleg inntak av feit fisk og anna mat som er rik på vitamin D kan bidra til dette, forklarar Øyen.

Vitamin D er det einaste tilskotet som det vert anbefalt å gje babyar allereie frå 4-6 vekers alder. Vitaminet vert òg i nokon grad tilsett i mat. I dag er vitamin D til dømes tilsett i lettmjølka med minst feitt. Studien frå NIFES viser at ein òg enkelt kan tilsetje vitamin D i fôret til oppdrettslaksen, med god effekt på innhaldet i fileten, og ikkje minst for folkehelsa.

Betre beinhelse

I studien vart 122 friske kvinner mellom 50 og 64 år delte inn i fire grupper. Alle kvinnene var ferdige med overgangsalderen.

– Tre av gruppene åt 150 gram laks to gongar i veka i 12 veker, seier Øyen.

Fisken som vart gitt dei ulike fiskegruppene hadde ulike nivå av vitamin D. Ei gruppe åt D-vitamin i tablettform. I tillegg fekk alle gruppene tilskot av kalsium.

Det viste seg at eit auka inntak av laks med høge nivå av vitamin D hadde ein positiv verknad på beinhelsa til deltakarane. Dette vart målt ved hjelp av biomarkørar i urin. Det same var tilfellet for deltakarane som tok vitamintilskot, men gruppene som åt laks hadde ein betre omega-3 status samanlikna med tablettgruppa.

– Etter overgangsalderen går nivåa av østrogen i kroppen ned, noko som fører til ei nedbryting av bein. I undersøkinga såg vi at nedbrytinga gjekk saktare hos dei som fekk meir vitamin D, seier forskaren.

Grunn til å heve grensa for fôr

Laksen som vart eten i undersøkinga hadde eit nivå av vitamin D som var fire til fem gongar høgare enn det laksen i butikken har i dag. I EU er grensa for kor mykje vitamin D det er lovleg å tilsetje i fôret til laksen svært låg. Laks tåler likevel godt å få tilsett meir vitamin D i fôret. Dersom grensa for vitamin D i fôr til laks vert heva, kan laks bli ei enda viktigare kjelde til vitamin D i kosthaldet vårt. Denne studien viser at dette òg kan ha positive effektar på helsa vår.