Bjørnar Skjæran, her under sjømatdagene i Trondheim.
Bjørnar Skjæran, her under sjømatdagene i Trondheim.

1,2 milliardar kroner til havbrukskommunar

Havbrukskommunar får 1,2 milliarder i statsbudsjettet for 2024. Pengane kjem frå produksjonsavgifta som havbruksnæringa betaler. Utbetalinga kan bli høgare.

Publisert Sist oppdatert

Det skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

- Regjeringa er opptatt av at meir av verdiskapinga frå havbruksnæringa skal bli igjen i lokalsamfunn langs kysten og komme fellesskapet til gode. I tillegg har det vore viktig at utbetalingane blir meir føreseielege, slik at kommunane kan bruke midlane til å styrke dei lokale velferdstenestene som skole, barnehage og eldreomsorg, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Dei budsjetterte midlane på 1,2 milliardar kroner er inntekta frå produksjonsavgifta på oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. Avgiftsinntektene er frå produksjonen i 2023, og midlane vil bli betalte ut hausten 2024. Utbetalinga skjer i samsvar med fordelingsnøklane i Havbruksfondet.

Utbetalinga kan bli høgare

Nærings- og fiskeridepartementet planlegg ei kapasitetsjustering av oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2024. Dersom miljøsituasjonen tilseier vekst i eitt eller fleire produksjonsområde vil det i 2024 bli tilbydt auka kapasitet mot betaling. 55 prosent av inntektene frå tildelinga vil bli utbetalt til kommunar og fylkeskommunar gjennom Havbruksfondet. Desse midlane kjem i tillegg til produksjonsavgifta.