Konstituert fiskeridirektør Per Sandberg. Foto: Vegard Oen Hatten

Per Sandberg tilsett som vikarierande fiskeridirektør

Konstituert fiskeridirektør Per Sandberg er tilsett som fiskeridirektør fram til oktober 2021.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Frank Bakke-Jensen blei i haust utnemnt til ny fiskeridirektør, men kan ikkje tiltre stillinga så lenge han er innvald på Stortinget som stortingsrepresentant.

- Med Per Sandberg får vi ein dyktig vikar, og som kjenner direktoratet godt. Med dei viktige oppgåvene som direktoratet står framfor, var det viktig for oss å få ein person i denne stillinga som kan drive arbeidet framover,  seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen i ei pressemelding fra Nærings- og fiskeridepartementet.