Lingalaks-sjef Erlend Haugarvoll (t.v.), Håkon Tombre i Tombre Gruppa og Sondre Eide i Eide Fjordbruk har store forventningar til kva Ænes Inkubator skal gje dei. Foto: Håvard Sætrevik/Grenda
Dette meiner eigarane om Ænes Inkubator
Tre store lakseoppdrettarar med hovudkontor i nabokommunar har investert trekvart milliard i anlegget på Ænes i Kvinnherad kommune. Dette seier dei om forventningane til anlegget.
Ænes Inkubator skal ta laksen heile vegen frå rogn til smolt som er klar for livet i fjorden. Kapasiteten er på 3,6 millionar rogn inn på ein gong, før fisken steg for steg endar i ein livleg laks i ein storleik mellom 200 og 500 gram – kanskje større enn det også, alt kor langt inn i framtida ein skal kikka.
No i starten av inkubatoren sitt virke, er det førstnemnde storleik dei byrjar med. I enden av produksjonslinja har dei lov til å ta ut 3000 tonn laks. I praksis betyr det 1000 tonn fisk til kvar av eigarane Lingalaks, Eide Fjordbruk og Tombre Gruppa.
Dette er fisk som i fjorden skal veksa seg frå dei nemnde storleikane, til over fem kilo tung fisk.