Tre av Osland Havbruk sine flinke sommervikarar. Foto: Osland Havbruk.

Osland Havbruk satsar på mange sommarvikarar

Osland Havbruk har i sommar tilsett heile 15 sommarvikarar som skal få jobberfaring hos dei. Her skal dei læra alt om oppdrettsnæringa og få eit betre innblikk i korleis det er på merdkanten blant anna. 

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fleire media har den siste tida hatt oppslag om at bedrifter ikkje tilbyr sommarjobb til ungdom. Det vert og hevda at ungdommen ikkje ynskjer jobb om sommaren, og i alle fall ikkje kva slags jobb som helst. I Oslandsystemet har dei derimot hyra inn heile 15 sommarvikarar, i tillegg til sine 46 fast tilsette. 

- Me opplev gode søknadstall til sommarjobbane våre, og ungdommane er både arbeidsvillige og litande. Gir me ungdommen ei god oppleving av sommarjobben, er dei våre beste ambassadørar, skriv selskapet.

Stine Leirnes. Foto: Osland Havbruk.

Team Osland har dei siste åra teke inn ungdom som er ferdig med tiande klasse slik at dei i ung alder får litt arbeidserfaring.

- Me opplever at dei fleste vil tilbake til Team Osland sommaren etter, og dei er då gode sjølvstendige sommarvikarar som vi har god hjelp i.

I tillegg rekrutterar dei og sommarhjelper som er i gang med høgare relevant utdanning. Fiskehelsebiologen deira hadde sommarjobb hos dei i studietida og har no vore fast tilsett i bedrifta i tre år. Dei har og ungdommar frå bygda som har starta med sommarjobb der, og som no er i gang med høgare utdanning med tanke på ei karriere innan fiskeoppdrett i framtida.

Fekk stipendavtale

Stina Leirnes frå Bjordal er ein av sommarvikarane deira. Ho har hatt arbeidsveke og utplassering hjå Osland Havbruk.

Til hausten byrjar ho på vg1 naturbruk på Mo og Øyrane Vidaregåande. Deretter skal ho gå vg2 aqua i Måløy.

Osland Havbruk har inngått stipendavtale med Stina. Det vil seie at ho får økonomisk stønad i studietida for så å bli lærling hjå oss med pliktår etter bestått fagprøve.

Kjetil Borlaug. Foto: Osland Havbruk.

- Stina har båtførarprøva, er litt over snitt interessert i oppdrett og ein god sommarvikar for Osland Havbruk. Me ser ho kosar seg med sjøsprut og vind i håret, melder selskapet. 

Fyrste gang hos Osland

Kjetil Borlaug, 21 år fødd og oppvaksen i Høyanger, og har sin fyrste sommar i Team Osland.

Han studerer natur, miljø og naturforvaltning ved universitetet i Bø i Telemark. Interessa for berekraftig matproduksjon og utnytting av potensialet som ligg i havet lokka Kjetil til Osland Havbruk.

Kjetil Kalstad på jobb hos Osland kor han har hatt sommerjobb fleire år på rad. Han har tilogmed fått seg staselig t-skjorte der det står: Enjoy the summer and the reLAKS. Foto: Osland Havbruk.

- Kjetil deltek i drifta av matfisklokalitetane våre, alt frå fôring, notskift til lusetelling og er ikkje framand for å vinkle utdanninga si meir mot havrommet, skriv bedrifta. 

Vil jobbe i næringa

Kjetil Kalstad, 22 år frå Bjordal studerer havbruksdrift og leiing ved Nord Universitet i Bodø.

Når du er oppvaksen i Bjordal, etter å hatt sommarjobb hjå Team Osland i fleire år, er Kjetil sikker på at han har lyst på ei framtid i denne bransjen.

- Til hausten skal han til utlandet, kanskje Australia, i fire månader som ein del av studiet. Havbruksnæringa byr på mange spanande jobbar, ikkje berre i Bjordal, Norsk laks er kjent over heile verda, skriv bedrifta. 

  • Team Osland er ei fellesnemning for tilsette hos Osland Havbruk, Stamfisk og Settefisk.