Øyvind Kråkås frå Havbrukspartner. Foto: Therese Soltveit.

- Problemstillingar rundt trafikklyssystemet vil nok prege 2018

Øyvind Kråkås, som er dagleg leiar i Havbrukspartner, har hatt eit hektisk år med oppstart av verksemda og alt som høyrer til. Dei travle tidene trur han og vil fortsette. Kanskje spesielt grunna trafikklyssystemet. - Modellen med områdevis regulering vil og styrke geografien si betydning for konsesjonsverdiar, det kan opplevast dramatisk for mange lokale bedrifter, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kråkås har gjennom fleire år vore ei brikke i havbruksnæringa gjennom nettverket Salmon Group, men valgte tidlegare i år å starte eiga veksemd. Nettopp dette peikar han på var den viktigste hendinga for han i 2017.

- Vi starta opp Havbrukspartner fyrste mai. Det har vore svært interessante snart åtte månader, legg han til.

Han fortel dei har fått mange positive tilbakemeldingar, og ikkje minst mange interessante oppdrag etter at dei etablerte selskapet.

-  Det å starte noko nytt, innebære og at ein må kontakte mange menneske, både velkjende og ukjende, og det har gitt mange gode samtalar og eit godt overblikk.

Til neste år er dei interne satsingsområda allereie på plass. Desse går på kompetansebygging, kvalitet på tenester og rekruttering av kundar.

- Vi har som motto å vere til nytte for næringa, og då må vi vere oppdaterte og på hogget.

Fryktar trafikklys vil skade små verksemder

Når det gjeld utfordringar for næringa i året som kjem, har han fleire tankar om desse.

- Biologisk er PD eit større problem enn på ei stund. Forvaltningsmessig er det nye trafikklyssystemet noko som skaper mange spørsmål og problemstillingar. Det vil nok prege 2018.

Og nettopp innføringa av trafikklyssystemet, meinar han var den vitkigste hendinga i næringa i år.

- Dersom styresmaktene kjem med gode avklaringar på dei problemstillingane som er komne opp, kan dette systemet vere slutten på dei famlande tildelingsrundane med tilhøyrande posisjonering, seier han.

Spørsmåla om likebehandling og kollektiv straff påpeikar han og kan skape vanskelege situasjonar framover.

-  Modellen med områdevis regulering vil og styrke geografien si betydning for konsesjonsverdiar, det kan opplevast dramatisk for mange lokale bedrifter. Også i slakteri- og serviceleddet kan dette slå hardt ut, meiner han.

Ting som må løysast

Når det gjeld lakselua meinar han nye verkemiddel vil venteleg hjelpe på å knekke denne, i kombinasjon med ei rekke løysingar som er tekne i bruk dei siste åra.

Han meiner derfor at tre problem som heng tett saman, bør løysast i næringa i 2018.

- Smittehygiene, mindre handtering av fisken og lågare dødelegheigt, slår han fast.

Når det gjeld spådommar om lakseprisen vert lavere eller høgare enn i år i 2018, seier han klokare folk må spå det.

-  På vår kant er vi meir involverte i produksjonskostnadane, og for mange sitt vedkomande bør dei helst gå ned.

Auka interesse for havbruk

Kråkås seier han har sett ei auka interesse for oppdrett den seinare tida.

- Debatten rundt havbruksnæringa har skapt ei stor interesse, men vi har enno ein veg å gå med å spreie kunnskap, og i vår evne til å kommunisere med samfunnet rundt oss. Mange har forventningar til havbruksnæringa som ein viktig arbeidsgjevar og verdiskapar for landet vårt. Nedturen i oljesektoren har nok gjort interessa større enn ho var for fem år sidan, konkluderar han.