Administrerende direktør Gerhard Meidell Alsaker eig 100 prosent av oppdrettsselskapet. Foto: Alsaker Fjordbruk.

Alsaker-konsernet med stabilt resultat

Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit resultat før skatt på kroner 517 millionar i 2021. Med ein omsetnad på over 2 milliardar gjer dette ein resultatmargin på 25,4 %.

Publisert Sist oppdatert

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern med produksjon av laks. Konsernet dreiv i 2021 fire smoltanlegg, 24 matfiskløyver, eit slakteri og eit havbrukssenter.

Produksjonen i konsernet skjer i 14 kommunar: Alver (Meland), Bjørnafjorden (Fusa), Bømlo, Etne, Kvam, Kvinnherad, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Stavanger (Rennesøy), Sandnes, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

I 2021 produserte konsernet nesten 37 000 tonn laks, mot 40 000 tonn året før.

Kilde: Alsaker.

Slaktevolumet var uendra samanlikna med året før.

253 ansatte

Ved utgangen av 2021 var det 253 fast tilsette i Alsaker-konsernet. Konsernet skriv dei har har godt kvalifiserte og motiverte personar i alle ledd i organisasjonen.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgangen av året kr 1.806 millionar – noko som gir ein eigenkapitalandel på 58 prosent.