Dei som har kjøpt produkta vert beden om å kasta dei dersom dei er merka med dei aktuelle partinummera. Foto: Salma

Trekk tilbake Salma-laks

Bremnes Seashore AS har fått påvist spor av bakterien listeria monocytogenes på ein SALMA halvloin med slaktedato 3. oktober 2019.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

For å vera heilt sikre tilbakekallar selskapet alle SALMA-produkt knytta til denne slakte/pakkedagen. Dette gjeld alle SALMA-produkt merka med partinummer 122324 og 221253. I tillegg gjeld det SALMA Smoked merka med partinummer 221252.

Dei tilbaketrekte produkta har vore i sal i butikk frå måndag 7. oktober, med unntak av OBS Haugesund kor varene var i sal frå fredag 4. oktober.

- Me beklagar det som har skjedd. Dei som har kjøpt desse produkta vert beden om å kasta dei dersom dei er merka med dei aktuelle partinummera. Det er også mogleg å returnera produkta til butikken der dei vart kjøpt for å få pengane tilbake.

Gjer ekstra tiltak

Det må særs mange bakteriar til for å gjera friske folk sjuke, så det er gjerne personar som har nedsett immunforsvar, mellom anna gravide, eldre og nyfødde, som kan få alvorleg sjukdom frå listeria.

Bremnes Seashore har eit omfattande prøvetakingsregime og vaskar ned produksjonslokala kvar einaste dag for å sikra god hygiene og trygg mat. Som følge av påvisninga har me gjort ekstra tiltak med demontering og desinfisering. Produksjonen frå påfølgjande produksjonsdag er testa og trygge å eta. Det er ikkje funne listeria på andre produkt frå Bremnes Seashore.