Mons Eivind Troland, dagleg leiar i Troland Lakseoppdrett. Foto: Havbrukspartner.

Dei siste sjølveigande

Medan laksekonsesjonar i si tid var allemannseige i Austevoll, er det i dag berre tre lokaleigde selskap att. Troland Lakseoppdrett er eitt av dei.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Me fekk fyste konsesjonen i 1979, den gongen var det ein konsesjon på kvar, maksimum. Nokre fekk til og med halve konsesjonar. Eg har vore med i næringa heile vegen, sidan den gongen. Frå du kunne køyre smoltnota i trillebår, og til dagens teknologi. Der har vore mykje og mange som har kome og gått undervegs.

Mons Eivind Troland sit på landbasen til familiebedrifta Troland Lakseoppdrett, som han eig saman med bror sin, Ole Morten, og mor deira, Marta Aud.

- Me fekk fyst avslag på søknaden om konsesjon, og beskjed om at det ikkje var hjelp i å klage. Men mamma ga seg ikkje, og ho vann fram, seier han med eit smil som syner djup respekt for ein generasjon som satsa og arbeidde på sjø og land for å livnære seg og familien.

Mons Eivind er bygd for tunge løft, tau og nøter. For nokre tiår var han kjend for ein skotfot som var so resolutt at sjølvaste «Kniksen» ville at han skulle spele for Brann. Men kraftkaren frå Hundvåkøy valde sjøen, fiskeri og oppdrett. Det var vel og merke i ei tid då det var meir pengar å hente på sjøen enn på fotballbana.

Vekst og furunkulose

- Det var dårleg med ustyr i starten. Og knapt med smolt. Me fekk kjøpe 1200 smolt frå Matre, men då han kom til anlegget, visste me knapt korleis me skulle få han over i sjøen. I mangel på skikkeleg håv, tok ein av karane av seg helsetrøya og laga ein provisorisk håv, og det virka som berre det.

Utstyr og fôr var gjerne heimelaga, men samarbeidet mellom oppdrettarane vaks seg sterkt. Eit lokalt oppdrettarlag vart skipa, og saman forhandla dei fôrkontraktar. Mykje av fôret vart tilverka lokalt, på Austevoll Fiskeindustri.

- Me brukte både mjukfôr og tørrfôr, den mjuke pelleten kom i 20 kilos kassar.

Men midt i engasjementet og iveren, kom og sjukdomane og tapa dei medførte.

- Det var heilt forferdeleg med dei ulike bakteriesjukdomane. Hadde ikkje vaksinane kome, hadde ikkje næringa stått han av. Men den berga oss over i ein mykje betre fase. Veterinær Jan Gjerde var ein føregangsmann, han reiste rundt og ga råd, og hadde til og med ei eigenutvikla mineralblanding som me tilsette i fôret.

Lusefri årgang

Den store utfordringa i dagens oppdrettsnæring er å halde fisken under dei strenge lusegrensene. Men Troland Lakseoppdrett har i år slakta ut ein generasjon fisk frå lokaliteten Torangskjæret som ikkje har vore avlusa.

- Det er nok mykje rognkjeksa å takke, den et lus og held ho vekke. Me slakta ut fisken i mai, då var han på snittet 7 kilo. Me hadde ikkje ei einaste behandling på fisken, ikkje kjemisk, og ikkje mekanisk.

Også dei sokalla «miljøtromlane» får sin del av æra.

- Me skiftar om på nøtene kvar andre veke på sommaren, og då rekke det ikkje å gro seg tett. Dermed unngår me spyling.

I dag har Troland Lakseoppdrett ein jamn og effektiv produksjon, men det har ikkje alltid vore slik.

- Då ILA-sjukdomen her som verst, valde me å stå over utsett for å seinke risikoen. Det trur eg berga oss. Dei som fekk fleire år med utbrot i anlegga, fekk det tøft, seier Mons Eivind Troland.