Havforskarane er i desse dagar på feltarbeid i Nord-Noreg i samband med SalCod-prosjektet.

Slik kan lakseoppdrett påverke vill torsk

Havforskarane har identifisert dei sju antatt viktigaste kjeldene til risiko for torsken.

Publisert

Det skriv Havforskningsinstituttet på si heimeside.

Oppdrettsnæringa er venta å vekse i åra som kjem, og då særleg i Nord-Noreg. Nordafor er det store areal, og mindre problem med lakselus enn på Vestlandet. 

- For å sikre berekraft langs kysten, må miljøbelastninga frå oppdrett minimerast, og vi treng solide kunnskapar om korleis akvakultur kan påverke dei ville fiskebestandane langs kysten, seier havforskar Thomas Bøhn. 

For i tillegg til urørt natur, har Nord-Noreg også ein av verdas rikaste fiskeriressursar i skreien og relativt gode bestandar av lokal kysttorsk. 

No har havforskarane granska korleis desse kan verte påverka av lakseoppdrett. 

Sju kjelder til risiko

I ein nypublisert artikkel i tidsskriftet Reviews in Aquaculture identifiserer og diskuterer havforskarane dei sju antatt viktigaste kjeldene til risiko for torsken.

SalCod-prosjektet

Formålet med prosjektet er å gje ei heilskapeleg vurdering av korleis lakseoppdrett påverkar ville torskebestandar i nordlege kystområde.

SalCod-prosjektet er finansiert av Forskingsrådet.

Sentrale spørsmål for prosjektet er å finne ut om lakseoppdrett påverkar torsken si:

  • Åtferd for beiting, gyteområde og vandring
  • Fysiologi, vekst og kjønnsmodning
  • Rekruttering og overleving i ulike livsstadium

- Desse kan potensielt føre til endringar både i åtferda, i fysiologien og i overlevinga til torsken, forklarar Bøhn. 

Dei sju risikokjeldene er:

  1. Torsk vert trekt mot oppdrettsanlegg: mellom anna spillfôr, mindre byttefisk og kunstig lys kan føre til at torsk søkjer mot anlegga.
  2. Torsk vert skremd vekk frå oppdrettsanlegg: aktivitet, bråk og utslepp av kjemiske stoff knytt til anleggsdrifta kan skremme villfisk vekk frå anlegga.
  3. Endra feittsyresamansetning i spillfôr som torsken et: fiskefôr er for det meste laga av plantebaserte ingrediensar, og feittsyresamansetninga er difor annleis enn i torskens «vanlege» måltid. 
  4. Auka vekst på grunn av spillfôr nært anlegg: betre tilgang på mat kan føre til at torsken veks fortare.
  5. Utslepp og eksponering for giftige kjemikalium frå anlegg: kjemikalium frå avlusing og notimpregnering kan leke ut i torskens miljø.
  6. Endring av tilgjengelege byttedyr for torsk: økosystema i nærleiken av anlegg kan verte påverka av utslepp, og mattilgangen for torsken kan verte endra.
  7. Smittespreiing av virus, bakteriar og parasittar: om villfisk samlar seg nær anlegga, vert det fleire kontaktpunkt både mellom oppdrettsfisk og vill fisk, og mellom ulike artar villfisk som samlar seg. Risiko for smitte aukar når individtettleiken aukar.

Behov for meir forsking på spillfôr-følgjer

Havforskaren trekker fram spillfôr som ei særleg viktig risikokjelde å undersøke vidare: 

- Store mengder spillfôr, truleg 60.000 – 100.000 tonn per år, kan føre til at villfisk samlar seg rundt oppdrettsanlegga, noko som kan endre samhandlingane og heilskapen i økosystemet, seier Bøhn og utdjupar: 

- For torsken kan åtferda knytt til beiting, gyting og vandring verte endra, og feittsyresamansetninga frå plantar kan føre til dødelegheit for sårbare livsstadium. Samling av svært mange individ rundt anlegga gjev òg høgare risiko for sjukdomssmitte. 

Klimaendringar på toppen

Thomas Bøhn påpeikar at klimaendringane – som i våre farvatn vil slå hardast inn lengst nord – kjem på toppen av desse risikokjeldene. Dette vil auke den samla belastinga på torsken. 

- På den måten er nok torsken som oss menneske – ofte klarar vi stresset frå éin faktor, men det vert vanskelegare med fleire. Om vi får sjukdom og skilsmisse samstundes, går vi i kjellaren. 

Løysingar

Havforskaren viser til at desse sju antatte risikokjeldene til saman dannar eit godt utgangspunkt for å avgrense eller hindre negative effektar på torskebestandane våre: 

- Ved å analysere problemet, kan vi òg finne løysingar, seier Bøhn.