Sveinung Sandvik fekk AqKva prisen for 2018. Foto: Kyst.no.
Sveinung Sandvik fekk AqKva prisen for 2018. Foto: Kyst.no.

Sveinung Sandvik fekk AqKva prisen 2018

Sveinung Sandvik blei årets vinnar av AqKva-prisen. Sandvik fekk han for sitt langvarige og brede engasjement i oppdrettsnæringen, både som oppdrettar og som aktiv i organisasjonar, nasjonale som internasjonale.

Publisert

Grunngjevinga for prisen var som følgande:

Det er tradisjon for dela ut ein hederspris på denne konferansen – AqKva prisen - og det skal vi gjera i år og. Det er programkomiteen for konferansen som er jury, og denne gongen har vi også annonsert gjennom kyst.no at vi tar imot kandidatforslag til prisen, og det har vi fått.

Tidlegare års prisvinnarar:2006 - Jørgen Borthen2007 - Erlend Waatevik2008 - Gerhard Alsaker2009 - Eivind Bergtun2010 - Olav Svendsen / Salma2011 - Cato Lyngøy2012 - Magnar Ottesen2013 - Elin Tveit Sveen2014 - Harald Mundal2015 - Bjørn Olav Rosseland2016 - Torhild Lohne2017 - Norsk Fiskeoppdrett
Tidlegare års prisvinnarar:2006 - Jørgen Borthen2007 - Erlend Waatevik2008 - Gerhard Alsaker2009 - Eivind Bergtun2010 - Olav Svendsen / Salma2011 - Cato Lyngøy2012 - Magnar Ottesen2013 - Elin Tveit Sveen2014 - Harald Mundal2015 - Bjørn Olav Rosseland2016 - Torhild Lohne2017 - Norsk Fiskeoppdrett

AqKva prisen er ei utmerking som blir gitt til ein aktør i havbruksnæringa som gjennom ein spesiell innsats eller langvarig engasjement har tatt næringa eit steg framover og vore eit eksempel til etterfølgelse og dermed gjort seg fortent til ein hyllest frå heile havbruksnæringa.

Prisen skal vera honnør for vel utført arbeid og inspirasjon til vidare innsats for næringa.

Prisen består av ein skulptur laga av kjeramikeren Ole Martin Skaug, og heiderleg omtale i minst eit år framover.

I fjor gjekk prisen til bransjetidsskriftet Norsk Fiskeoppdrett

Årets prisvinnar fyller fullt ut kravet både til langvarig engasjement og god innsats, og denne gongen er det ein veteran i bransjen som er utvalt til å få prisen.

Prisvinnaren har vore ein svært aktiv og synleg aktør og bidragsytar i havbruksnæringa heilt sidan han saman med naboar starta opp bedrift i bransjen midt på 1980 talet. Denne bedrifta har utvikla seg og lever godt den dag i dag, no som ein del av eit større fellesskap.

Fellesskapsløysingar er stikkordet som kanskje aller best karakteriserer denne personen, og det er som talsmann for fellesskapet både i samfunnsliv og næringsliv dei fleste av oss kjenner han best, for nesten alle som er her i kveld kjenner denne mannen eller veit kven han er.

Han er ein mann som har lett for å ta ordet i forsamlingar, han målbær sine inntrykk og meiningar på ein velformulert og uredd måte i alle fora. Han er heller ikkje redd for å stilla dei spørsmåla som andre ikkje stiller for dei trur at dei er åleine om å ikkje vita.

Prisvinnaren er svært kunnskapsrik og ekstremt samfunnsorientert og framsynt. Han har stor arbeidskapasitet, han brenn for havbruksbransjen og ser viktigheten av å vera til stades der saker vert diskutert, avgjersler vert tekne og rammevilkår fastlagt.

Reiseviljen og bruk av fritid til fellesarbeid er stor, og slik blir det når næraste flyplassen ligg meir enn 3 timar unna buplassen.

Prisvinnaren er eit ja-menneske som tek på seg oppgåver langt utover det som han må og ofte legg han ut ein redningsplanke når ingen andre vil teke på seg ei oppgåve – Ja, ja om ingen andre, vil kan eg gjera det, seier han

Det er frå organisasjonslivet dei fleste av oss kjenner prisvinnaren best. Han har gjennom ei årrekkje vore kommunestyre- og formannskapsmedlem i kommunen der han bur, og i ulike fora representerer han havbruksnæringa på Vestlandet, nasjonalt, og i internasjonal samanheng på vegne av medlemsorganisasjonen Sjømat Norge, der han for tida mellom anna er President i komiteen for laks og stor aure i FEAP som er den europeiske samanslutninga av akvakulturprodusentar.

Når prisvinnaren skal slappa av, er han på sjøen med trollgarn eller krepseteiner og det at han ikkje omtalar ei pale som sei før fisken er over 6 kilo seier noko om at han får bra med fisk, og stor fisk også.

Vi vil på vegne av heile næringa gratulera Sveinung Sandvik som verdig vinnar av AqKva prisen 2018.

Juryen for prisen i 2018 har bestått av styret i AqKva: Kjell Arne Møklebust (leiar), Vidar Onarheim, Hans Inge Algrøy ,Tor Solberg, Erlend Waatevik, Sigurd Handeland i tillegg til redaktør av Norsk Fiskeoppdrett, Pål Mugaas Jensen.