AqKva 2019. Foto: Pål Mugaas Jensen

Ny dato for AqKva-konferansen

AqKva-konferansen skulle vore arrangert i Bergen 20. januar i år, men vart utsett på grunn av nasjonale Covid19-restriksjonar.

Publisert Sist oppdatert

- Me ser no at samfunnet er på vei mot normalisering, og det er derfor fastsett ny dato for arrangementet – onsdag 06.04.22. Som vanleg vert konferansen arrangert på Quality Edvard Grieg Hotel i Bergen. 

Det foregår no eit arbeid for å avklara med foredragshaldarar og andre involverte aktørar, men allereie no kan arrangøren lova om lag same programinnhaldet som for januar. Her kjem sentrale personar frå heile næringa for å bidra til fagleg påfyll. 

Ser frem til å møtast

Kjell Arne Møklebust, styreleiar i arrangøren AqKva seier det er gledeleg å sjå at det skal vera mogeleg å kunna arrangera konferansen som ein fysisk konferanse, og dei ser fram til igjen å kunna møtast i Bergen.

AqKva 2022 har eit godt og innhaldsrikt program – fullspekka med siste nytt innan forsking, forvaltning og teknologi og arrangøren håpar at mange nyttar høvet til å delta.