Fra en tidligere rensefiskkonferanse. Foto: Vidar Onarheim.

Ny rensefiskkonferanse på Stord 14. juni

Arrangørane av havbrukskonferansen AqKva ønskjer alle aktørar innan villfangst, oppdrett og bruk av rensefisk velkommen til ein ny temakonferanse på Stord torsdag 14. juni. Her kjem representantar frå alle sider av næringa, inkludert forvaltning og tilsynsmyndighet for å diskutera høgaktuelle problemstillingar.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Konferansen vert i år arrangert for tredje gong, og er den største konferansen i sitt slag i landet.

- Me håpar at årets konferanse vert like vellukka som dei to føregåande, og ser fram til å verta oppdatert på siste nytt innan teknologi, regelverk og biologi. Påmeldinga er i full gong, og så langt ligg ein 40% over fjorårets deltakarmengde, seier dagleg leier for AqKva, Vidar Onarheim, i en pressemelding.

Programmet er sentralt, og har vore jobba intenst med over mange månadar.

- Husk lakselusa i kveldsbøna

Leiar av programkomitèen, Erlend Waatevik seier i ein kommentar at «fiskeoppdrettarane bør ta med lakselusa i kveldsbøna – den står for ei utruleg stor verdiskaping!”  Som vanleg, entusiastisk på næringas vegne – lasta med store mengder statistikk, historikk og tal på alt som skjer innan rensefisk, både villfanga og oppdretta. Waatevik held og på at det å koma saman for å læra av naboen er viktig, spesielt for denne relativt ferske delen av næringa.

Dagens tekst

I løpet av ein heil dag kan ein høyra om regelverk, helse, fangst, mottak og oppbevaring for å nemna noko, her kjem Havforskningsinstituttet, Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, oppdrettarar frå sør-, vest- og nordnorge og mange fleire.

- Set av dagen – og ta turen til Stord, oppmodar Vidar Onarheim.

Nytt av året er at konferansen vert avslutta med ein flott 3-rettars festmiddag på Stord Hotell.