Arne Hjeltnes. Foto: Therese Soltveit.

- PFU har redusert seg til ein sjølvhøgtideleg domstol

Arne Hjeltnes i Creuna kommenterer PFU- dommen TV2 fekk etter laksedokumentaren «Rå fisk og sylskarpe knivar».

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kyst.no spurte Arne Hjeltnes om kva tankar han hadde rundt klagen til PFU, samt dommen Tv2 nyleg fekk for laksedokumentaren. Tilbakemeldinga han ga er innlegget under. Uthevingar er gjort av Kyst.no.

Me har laga eit matprogram om sushi, utan produktplassering eller ”greenwashing” av norsk sjømat. Det er eit underhaldningsprogram, slike som ofte er finansierte.

PFU har redusert seg til ein sjølvhøgtideleg domstol, der eg er svært overraska over både synsing om fakta, mistenklegjering av dokumentasjon og ikkje minst svært spesielle karakteristika og personlege meiningar heilt utan dokumentasjon eller relevans.

Difor er det er kanskje ikkje overraskande at PFU lar seg bruka i kritikken av norsk sjømat og i praksis innfører eit yrkesforbud for folk som er positive til norsk sjømat?

Det skal altså vera eigne reglar for folk som er generelt positive til norsk sjømat i motsetnad til feks programleiarar som er positive til norsk landbruk, norsk musikk eller norsk kunst.

I laksesamanheng bør det altså opplysast om programleiaren sine haldningar på førehand, sjølv om PFU ikkje kan visa til ein einaste påstand eller produktplassering som ikkje er korrekt i dette programmet.

I diskusjonen i utvalget går dei til og med langt i å hevda at det må informerast om ”miljøkriminalitet”.

Eg meiner PFU avslører motivet for denne salva mot eit underhaldande matprogram, når ein av medlemmene seier ” det er fullstendig uten noen kritiske spørsmål”. Det er tydelegvis der skoen trykker.

Hadde PFU bedt om ”kritiske spørsmål” om sprøyting av grønsaker eller blomar i eit kokeprogram om blomkål eller eit hageprogram om roser?

Eller Brennpunkt sin omstridte laksedokumentar frå ifjor, burde og ha hatt med kor sunt det er med laks?

Eit matprogram treng ikkje ta opp alle verdens problem, viss det elles ikkje kjem med påstandar eller produktpåverknad som er utafor pressens etiske reglar.

I dette programmet har eg ikkje vore anna enn positiv til norsk sjømat generelt. Eg har ikkje dytta fram meiningar eller produkt.

Påstandar som er svarde på, som til dømes kven som har betalt utgifter, vert direkte mistenkeleggjort av Alf Bjarne Johnsen. Likeins hevdar han at det er uklart korleis gangen i produksjonen har vore.

Ideen var min og Parkas Production. Sjømatrådet hadde ingen innflytelse på innhaldet.

Akkurat som nokre kommunar har sponsa Melodi Grand Prix, nokre fylkeskommunar sponsar, komiprogram frå Latter, reiseprogram osv osv har Sjømatrådet bidrege her.

Eg synes det er heilt utruleg at PFU kan meina at man må vera nøytral i sitt syn på norsk sjømat. Eg er naturlegvis ein stor fan av norsk sjømat og norsk lokalmat. Me har laga like positive program om norsk tørrfisk og norsk klippfisk, utan å få kritikk.

Det er tydeleg at det er laksen som er ein raud klut for dei som vil klaga og medlemmene av PFU. Det gjeld altså andre reglar for sjømat enn for positive program om andre norske matsuksessar ute. Program som vart til på same måte; ideen kom frå oss og finansieringa kom frå sjømatnæringa.

Alf Bjarne Johnsen mistenkeleggjer og påstår at TV2 og oss ikkje ønsker å klargjera korleis programmet vart til.

Me har gong på gong svart og dokumentert at det var vår ide, så kom det finansiering etterpå. Me har presisert at alle utgifter er betalt av oss. Det står i vårt svar at reise er betalt av oss.

Likevel antyder rådet sin leiar at me heller ikkje har betalt reisa vår sjølv i møtet. Det er svært skuffande.

Det er heilt urimeleg som PFU hevdar at eg som programleiar skal klargjera mine roller i eit program som ikkje er verken reklame eller produktplassering.

Det er i såfall eit krav som vil gjera det veldig vanskeleg for alle som er på tv utan å vera fast ansatte i tv-kanalen.

Eg reagerer og på at PFU har lagt til grunn ein påstand frå klagar at eg har innrømma skuld i denne saka. TV2 og eg har opplyst at ideen kom frå oss.

Sjømatrådet har betalt, men det var ikkje Sjømatrådet sin ide. Eg har ikkje kommunisert noko anna enn at me har hatt fullt ansvar for innhaldet.

Dessutan er det slik at P-merket ikkje kjem til anvendelse her som i 71 grader Nord eller farmen der deltakarane går med tydeleg merkeklær som du og eg kan kjøpa. I vårt program er det ingen produkt eller produsentar som kjem fram med noko som er produktreklame. Det er eit generelt program. me viser heller ikkje lakseprodusentar, anlegg eller merkevarer.

Eg sende ein hyggeleg og kort melding til klagerane på Facebook, der eg slett forklarde bakgrunnen for programmet:

Hei. Eg skjønar du har klaga på sushi-programmet vårt. For å oppklara litt, så kan eg opplysa om følgande. Sjømatrådet har betalt for å få laga eit program som fortel om den opprinnelege sushi, korleis norsk laks og sjømat har funne sin rolle i denne trenden, samt invitera ein japansk kokk til Noreg /Stavanger for å prøva seg på norske råvarer. Utover dette har Sjømatrådet eller andre aktørar ikkje hatt noko med kven som vert vist fram eller kven me besøker. Sabi Sushi, Magnus Skretting, Brynjar med kråkebollene, Natvigs Minde, Fisketorget, Kita eller andre du kan sjå har betalt eller påverka noko av det som kjem i programmet. Tvertimot så har me betalt for oss alle stader i Noreg og Japan. Me har heller ikkje tatt noko stilling til utfordringane i laksenæringa, men fortalt ein historie om sushi, som faktisk er sann og verken pynta på eller endra. Dette er eit underhaldingsprogram. Ikkje som Brennpunkt som ifjor hadde eit svært kritisk program til laksenæring, utan naturlegvis å fortelja kor populær og stor suksess laksen er ute i verda. Det er ei anna side av saka som me fokuserer på denne gongen. Ei sak har fleire sider. Og til tross for lakselus, så er ingen forskarar i tvil om laks er den mest miljømessig måten å laga mat på hensyn til energi, vatn og fotavtrykk. Det er naturlegvis eit positivt program for norsk sjømat, men det skulle ein eigentleg tru var bra for folk langs kysten og kva me skal leva av etter olje. Viss det er laksenæringa du ikkje likar, så er nok ikkje dette programmet som kan skuldast for å forefekta det eine eller andre synet. Sushi er sunn og populær mat og i høve til miljø så er all typar norsk fisk eit betre val enn alle andre protein kjelder. Lurar du på noko spesielt, så er det berre å ta kontakt. Helsingar Arne Hjeltnes.