- Me vil klekka og produsera mest mogleg rognkjeks, i allefall dekka vårt eige behov, seier driftsleiar Øystein Eskeland, som visar fram anlegget på Onarheim Bruk. Selskapet har nyleg starta opp rognkjeksdrift ved det gamle smoltanlegget. Foto: Therese Soltveit

– Ingen tvil om at Alsaker satsar på rognkjeks

Vi har vore veldig heldige med befruktninga av rognen og hatt ein god klekkeprosent, så me er veldig nøgde med starten her, fortel driftsleiar Øystein Grov Eskeland ved Onarheim Bruk på Tysnes.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Sunnhordland: Millionar av nyklekka rognkjeks sym i kara på Onarheim bruk i desse dagar. Rognkjeksdrifta til Alsaker Fjordbruk er i startfasen og har nylig fått klekka dei fyrste rognkjeksa.

Her sym det millionar av rognkjeks, som skal bli ein effektiv lusfangar. Foto: Therese Soltveit

Driftsleiar Øystein Grov Eskeland er for tida midt i både klekke- og byggjeprosess. Selskapet har sidan oppstart hatt utvidingar på anlegget for å tilpasse drifta til produksjon av rognkjeks.

- Me vil klekka og produsera mest mogleg rognkjeks, i allefall dekka vårt eige behov. Me ynskjer etterkvart også å produsere for sal til andre. Men til kven, veit me ikkje enda, fortel han til kyst.no.

Les også: Oppdretter kan ha funnet årsaken til dødelighet hos rognkjeks

Reinsefisk selskapet er ein del av Alsaker Fjordbruk, som har hovudkontor berre nokre meter frå anlegget. Tidlegare har det vorte produsert smolt på staden, men i følgje Eskeland var dette i en så liten skala at anlegget tilslutt enda med å liggje brakk.

Nybyrjarar i reinsefisk faget

Selskapet starta difor opp rognkjeks produksjon i haust og er nybyrjarar i reinsefisk faget.

- Me har ein konsesjon på 15 millionar rognkjeks, det tilseier 150 tonn rognkjeks på rundt 10 gram. Vi har også ein konsesjon på 15 tonn med stamfisk, legg han til.

Kva slags investeringar har Alsaker gjort dei siste månadane?

Nyklekka rogn i lupe. Foto: Alsaker Fjordbruk.

- Det er vorte investert i pumper, filter,  nytt vanninntak, UV-filter og ikkje minst småkar som produserast lokalt. Me kjem til å bruke ein del av kara som allereie står ute, men også få på plass nokre nye. Me driv ein omfattande byggeprosess så me håpar alt skal vera på plass når fisken vert større og må flyttast, forklarar han.

Les også: Videreutvikler vasker til rensefisk-skjul

Eskeland seier bedrifta ynskjer å verte ein stor aktør innan reinsefisk bransjen.

- Me ser at dette er noko grûnder og eigar Gerhard Alsaker prioriterar og ynskjer å utvikle vidare, seier Grov Eskeland til kyst.no.

- Det er ingen tvil om at Alsaker satsar på rognkjeks, legg han til.

Heldige med befrukting

- Vi har vore veldig heldige med befruktninga av rognen og hatt ein god klekkeprosent, så me er veldig nøgde med starten her. Alsaker har ein eigar som set raskt i gong nye prosjekt, og eg er veldig nøgd med å ha ein slik sjef, seier Eskeland.

Les også: Legger stor vekt på vannkvalitet ved nytt rognkjeksanlegg

Driftsleder Øystein Eskeland visar fram den nyklekka rognkjeksen. Foto: Therese Soltveit

Til saman har selskapet så langt klekt omlag 1,5 millionar til to millionar små rognkjeks.

- No har me også lagt inn 60 liter med fersk befrukta rogn, og det kjem 20 liter til med rogn seinare i dag. Ein av våre tilsette er faktisk på veg til Bergen for å hente rognen sendt frå Averøy til Flesland, opplysar han.

Meir om rognkjeksproduksjonen ved Onarheim, kan du lese i Januar utgåva av magasinet Norsk Fiskeoppdrett.

For å sjå film av nyklekka rognkjeks trykk her.