Ferskvareansvarleg på Coop Mega Linderud, Jørn Edvard Thalberg, viser fram den landbaserte laksen. Foto: Coop.

Coop selger nå landbasert laks

Som første daglegvarekjede i Norge, tilbyr nå Coop Mega laks frå landbasert produksjon. Dette er laks frå ein produksjonsteknologi som Coop testar i samarbeid med Fredrikstad Seafoods og Domstein.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det skriv Firdaposten.

- Vi har stor tru på dette produktet, og gler oss til å sjå korleis det blir mottatt av kundane og medeigarane våre, seier kategoriansvarleg Stig-Ove Thorkildson i Coop Norge i ei pressemelding.

Thorkildson fortel at landbasert laks er eit utviklingsprosjekt for daglegvarekjeda.

- Vi startar med fire Coop Mega-butikkar i Oslo i første omgang, i tillegg til Coop Mega Fredrikstad. Laksen vil vere i butikk dagen etter den er slakta i Fredrikstad, så ferskare laks er det vanskeleg å få. Gjennom testprosjektet vil vi finne ut korleis den nye produksjonsteknologien påverkar kvalitet, haldbarheit og smak. Laksen frå Fredrikstad må sjåast på som ekt premium-produkt og vil bli noko dyrare enn konvensjonell laks. Det vil sjølvsagt ta tid å bygge opp produksjonskapasitet, så den landbaserte laksen vil berre vere eit supplement til konvensjonell laks i lang tid, seier han.

Les heile saken her hos Firdaposten.